Thor Halvorssen

venezuelansk forretningsmann (1943-2014)

Thor Halvorssen Hellum (16. mai 194320. juli 2014) var ein venezuelansk-norsk forretningsmann som fungerte som administrerande direktør og president i det venezuelanske statseigde telefonselskapet, CANTV og seinare som spesialkommissær for internasjonale narkosaker i administrasjonen til president Carlos Andrés Pérez. I denne stillinga hadde han rang som ambassadør.[1] Medan han undersøkte koplingar til kvitvasking av pengar og narkotikasmugling i 1993, vart han fengsla i Caracas og sikta for terrorisme; han vart slått og mishandla i fengselet, men seinare vart alle påstandar trekte attende.[2] Halvorssen si sak vart tatt opp av Amnesty International og fleire andre internasjonale menneskerettsorganisasjonar. Fridomsrøvinga med tortur av Halvorssen var truleg hemn for undersøkingane han hadde medvirka til rundt presidentkorrupsjon, mafiaaktivitet og kvitvaskingsaktivitetane til den colombianske narkotikabaronen Pablo Escobar.[3]

Thor Halvorssen

Statsborgarskap Venezuela
Fødd 16. mai 1943
Caracas
Død

20. juli 2014 (71 år)
Miami

Yrke forretningsdrivande

Dei siste leveåra var Thor Halvorssen busett i Miami, Florida. Thor Halvorssen var son til den norske forretningsmannen og generalkonsul i Caracas, Øystein Halvorssen. Han var gift med Nelly Yanez de Halvorssen. Vidare var han far til filmprodusent og menneskerettsaktivist Thor Halvorssen Mendoza, grunnleggar av Human Rights Foundation. Den venezuelanske politiske leiaren Leopoldo Lopez er nevøen hans.

Kjelder

endre
Referansar
  1. «Thor Halvorssen» Latin America Weekly Report, Section: Venezuela; Politics; WR-93-45; Pg. 538. 18. november 1993.
  2. Nifong, Christina. Former Venezuelan Drug Official Freed; Christian Science Monitor. Boston, Massachusetts: 24. desember 1993.
  3. Fonzi, Gaeton. "The Troublemaker". The Pennsylvania Gazette (November 1994).

Bakgrunnsstoff

endre