Opna hovudmenyen

Thoralf Gjesdal (26. desember 19031. april 1963) var ein norsk målar, best kjend for sine fargesterke bilete i eit forenkla formspråk.

Thoralf Gjesdal
Fødd 26. desember 1903
Død

1. april 1963

Yrke kunstmålar

Gjesdal var frå Stavanger, der budde heile livet, bortsett frå korte avbrot. I ungdomsåra gjekk han i lære i heimbyen hos målaren Bjarne Hansen, seinare var han elev 1927/28 hos Axel Revold og i 1937 var han nokre månader hos Jean Heiberg, begge gongane på Statens Kunstakademi.

Gjesdal var innom fleire motivkrinsar i sin produksjon. Han måla både små barneportrett og store portrett meint til representasjon. I sin landskapskunst nytta han motiv frå Jæren og Ryfylke, ofte i ei tilnærma kubistisk eller lett abstrahert form. Gjesdal laga også nokre altartavler, mellom andre i Orre kyrkje.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. V. bandet. 1954
  • snl.no

BakgrunnsstoffEndra