Thorn Island er ei øy i Angle i Pembrokeshire utanfor sørvestkysten av Wales. Øya er dominert av eit fort bygt for å forsvare Milford Haven mot den franske marinen. Angle redningsbåt fekk sølvmedaljar i 1878 for å ha redda mannskapet på «Loch Shiel» utanfor øya.[1]

Thorn Island
Geografi
Thorn Island is located in
Stad Irskesjøen
Koordinatar 51°41′20″N 5°06′47″W / 51.689°N 5.113°W / 51.689; -5.113

Administrasjon
Land Wales
Hovudområde Pembrokeshire

Historie endre

Fortet på øya vart bygt i 1854. Det ligg tolv skipsvrak rundt øya, som er populære dykkestader.[2]

Fortet vart omgjort til hotell i 1947 og seld i 1999 for 275 000 pund.[3]

Kjelder endre

  1. Diver sinks £1,000 pint, BBC, henta 25. mars 2010
  2. Ship wrecks of Pembrokeshire, dive-pembrokeshire.com, henta 25. mars 2010
  3. Mystery buyer for island, 27. juli 1999, BBC, henta 25. mars 2010

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Thorn Island