Pembrokeshire (walisisk Sir Benfro) er eit grevskap i det sørvestlege Wales. Det grensar mot Carmarthenshire og Ceredigion.

Pembrokeshire
Geografi
Areal
1 590 km²
Administrasjonsstad
Haverfordwest
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

117 900
74,2 /km²

Det tradisjonelle grevskapet Pembrokeshire vart oppretta i 1282 av Edvard I av England. Det har lenge bestått av ein engelskdominert del i sør (kjent som «Det vesle England bortanfor Wales») og ein walisiskdominert del i nord.

Frå 1974 til 1996 var det delt i to distrikt, South Pembroke og Preseli som låg under grevskapet Dyfed. Då distrikta vart avskaffa som administrativ eining i 1996 vart Pembrokeshire gjenoppretta og har sidan vorte styrt som ei sameint styresmakt.

640 km² av arealet er verna som Pembrokeshire Coast nasjonalpark.

Stader i Pembrokeshire endre

 
Castell Penfro (på walisisk) i Pembroke

Kjelder endre