Thranittarrørsla

(Omdirigert frå Thrane-rørsla)

Thranittarrørsla var den første store sosialistiske grupperinga i Noreg. Ho voks fram i Drammen seint på 1840-talet etter solid agitasjon frå den intellektuelle byradikalaren Marcus Thrane.

Marcus Thrane.

Historie endre

Thranittarrørsla voks fram mellom arbeidarar i Drammen etter Marcus Møller Thrane sitt agitasjonsarbeid, først gjennom avisa Drammens Adresse og seinare hans eigen publikasjon Arbeiderforeningernes blad. Rørsla spreidde seg raskt til heile landet, og på sitt største hadde ho i følgje Thrane sjølv om lag 30 000 medlemmer fordelt på 400 ulike lag.

Ideologisk sett bygde dei i stor grad på dei engelske chartistane (arbeidarrøysterettsrørsla), sidan begge hovudsakleg kjempa for demokratisering med underskriftskampanjar som viktigaste kampmiddel. Thranittane fremja i tillegg krav om progressiv formueskatt og innskrenkingar av eigedomsretten, og såg ikkje bort frå at illegale metodar kunne verta naudsynte i kampen for arbeidarsaka.

I 1851 vart leiinga i miljøet arrestert for oppvigleri, noko som på sikt førte til at rørsla gjekk i oppløysing. Utvandringa til Amerika løyste òg ein del sosiale problem, og fjerna mykje av grunnlaget for thranittismen. I 1863 emigrerte Thrane òg sjølv, etter nokre fåfengde framlegg på å atterreisa organisasjonen. Han heldt fram med det politiske arbeidet i USA, og vart ein viktig mann m.a. i sosialistmiljøet i Chicago.

Kjelder: endre

Pax Leksikon (Pax forlag 1976-1982) Nettversjon