Thumrait er ein liten by i sør i Oman langs hovudvegen mellom Dhofar og resten av Oman. I oldtida var Thumrait ein viktig stad langs karavaneruteneDen arabiske halvøya. Tidlegare var dyrking av røykjelse viktig i Thumrait, men dette er det mindre av no. Hovudnæringa til innbyggjarane er dyrking av frukt, grønsaker og dyrefôr.

Thumrait
by
Land  Oman
guvernement Dhofar
Koordinatar 17°40′01″N 54°01′58″E / 17.66694°N 54.03278°E / 17.66694; 54.03278
Kart
Thumrait
17°40′01″N 54°01′58″E / 17.666944°N 54.032778°E / 17.666944; 54.032778
Wikimedia Commons: Thumrait

Det omanske luftforsvaret har ein stasjon i Thumrait. Opphavleg var det eit oljedepot for luftfarten i regionen. Stasjonen vart nytta av amerikanarar, britar og allierte under Golfkrigen og den globale krigen mot terror i Afghanistan.[1]

Klima endre

Thumrait har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og varme vintrar. Her kjem lite nedbør, men det kan kome noko regn frå februar til april, i tillegg til i juni og august under monsunen.

Vêrdata for Thumrait
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 32,6 35 38,6 41 43,6 45,4 45 46 43,8 40 34,4 32 46
Gjennomsnittleg maks °C 25,7 28,1 32,3 36 39,2 40,6 37,1 38,2 37,6 34,7 30,2 26,1 33,8
Døgnmiddeltemperatur °C 18,6 21,1 24,7 28,2 31,3 32,3 29,2 29,4 29 26,7 23 19,5 26,1
Gjennomsnittleg min °C 10,8 14,1 17,3 20,6 23,2 24,9 23,9 23,3 21,8 18,4 14,7 12 18,8
Lågast målte °C 1,6 5,8 8,7 14,1 16,6 21,2 21,2 19,5 17,1 12 9 5 1,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 0,7 8,3 17,1 11,4 0 11,6 0,1 5,2 0 0 0 0,6 55
Gns. luftfukt (%) 54 53 46 41 43 44 63 58 51 41 47 54 50
Kjelde: NOAA (1980-1990) [2]


Kjelder endre