Tiden Norsk Forlag

(Omdirigert frå Tiden norsk forlag)

Tiden Norsk Forlag A/S er eit norsk forlag som vart skipa i Oslo i 1933 av Det norske Arbeidarpartiet. I 1947 var forlaget reorganisert og Arbeidarpartiet, Landsorganisasjonen (LO) og Norges Kooperative Landsforening vart hovudaksjonærar. Forlaget gav ut både skjønnlitteratur og generell litteratur, ofte med klar tilknyting til arbeidarrørsla. Under andre verdskrigen vart forlaget stengt og boklageret brent opp av styresmakta.

Mellom dei skjønnlitterære forfattarane som har vore knytt til forlaget kan ein nemna Ivar Lo-Johansson, Aksel Sandemose, Lars Berg, Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. I seinare år har dei norske rettane til bøkene av J.R.R. Tolkien vore ei viktig inntektskjelde.

I 1991 overtok Gyldendal Norsk Forlag 91 prosent av aksjane i Tiden, medan Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og LO sat attende med 4,5 prosent kvar. I 2004 overtok Gyldendal alle aksjane og Tiden Norsk Forlag gjekk inn i forlaget Gyldendal Norsk Forlag som ein imprint.

Forlagssjefar

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Om Tiden». Tiden Norsk Forlag. 

Bakgrunnsstoff

endre