Tigerauge
Tigerauge er ein ugjennomsiktig, brungul til gulbrun smykkestein med karakteristiske band og silkeglans. Han består av eit finkorna kvartsaggregat gjennomsatt av forvitra amfibolenåler. Han er danna ved at kvarts har erstatta ein asbestaktig amfibol (krokidolitt). Der amfibolnålene er friske, er steinen blågrå og blir då kalla falkauge. Den viktigaste førekomsten finst i Sør-Afrika.
Tigerauge | |||
Polert tigerauge | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral | ||
Kjemisk formel | Silika (silisiumdioksid, SiO2) | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Gylden til raud-brun | ||
Mohs hardleiksskala | 7.0 | ||
Glans | silkeaktig | ||
Spesifikk vekt | 2.64 – 2.71 |
Kjelder
endre- Tigerøye. (13. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tiger%C3%B8ye.