Tilburg er ein kommune og by i Nederland i den sørlege provinsen Noord-Brabant. Tilburg kommune inkluderer òg landsbyane Berkel-Enschot og Udenhout. Han er den sjette største kommunen i landet med like over 200 000 innbyggjarar.

Tilburg
Flagget til Tilburg Byvåpenet til Tilburg
Flagget til Tilburg Byvåpenet til Tilburg


Plassering
Plassering av Tilburg
Plassering av Tilburg
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Noord-Brabant
Først nemnd i 709
Borgarmeister Peter Noordanus
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

119,15 km²
  116,69 km²
  2,46 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

201 979
  1 713/km²
Koordinatar 51°33′N 5°5′E / 51.550°N 5.083°E / 51.550; 5.083
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.tilburg.nl

Tilburg universitet (tidlegare Katholieke Universiteit Brabant) ligg i Tilburg.

Det er tre jernbanestasjonar i kommunen, Tilburg Centraal, Tilburg West og Tilburg Reeshof. Den høgaste bygningen i Tilburg er tårnet Westpoint med ei høgd på 141,3 meter.

Historie endre

 
Sint Jozefkerk (St. Josefskyrkja) er ei gotisk kyrkje i sentrum av Tilburg.

Tilburg vart først nemnd i 709 og etter dette høyrer ein ikkje meir til Tilburg på eit par hundre år. Seint i mellomalderen var ikkje Tilburg meir enn ei samling av små grender. Ei av desse var Oost-Tilburg, som låg rundt ei lita borg eller Motteburcht på ein liten ås. Borga var truleg av tre og vart rive ned etter nokre hundreår. På 1300-talet fekk Tilburg i lag med Goirle status som landgods og fleire adelsherrar styrte over godset. Dei fekk inntektene sine frå skattar, bøter og renter som landsbybuarane betalte.

På 1400-talet bygd ein av herrane av Tilburg, Jan van Haestrecht, Tilburg borg. I 1858 vart borga riven ned for å gje plass til ein fabrikk. Borga er framleis avbilda på byvåpenet. I 1803 vart Goirle skild frå Tilburg og i 1809 fekk Tilburg byrettar. Dette året hadde han om lag 9 000 innbyggjarar.

Dei fattige bøndene rundt Tilburg livnærte seg på å selje ull, og byrja etter kvart å veve sjølv. Etter kvart voks ullindustrien seg stor og i 1881 hadde Tilburg 145 spinneri. Ulltekstilar frå Tilburg vart kjend over store område og etter den andre verdskrigen vart Tilburg kjend som ullhovudstaden i Nederland. I 1960-åra gjekk det nedover med industrien og i 1980-åra var det berre eit par tekstilfabrikkar att.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre