Ei biologisk tilpassing eller adaptasjon er ein anatomisk struktur, ein fysiologisk prosess eller eit åtferdsmessig trekk som har utvikla seg over tid og aukar den forventa reproduktive suksessen til organismen. Organismar er tilpassa omgjevnadane sine om dei er i stand til å:

  • Ta til seg luft, vatn, mat og næringsstoff
  • Klara seg i det fysiske miljøet i høve til tilhøve som temperatur og lys
  • Forsvara seg mot naturlege fiendar
  • Formeira seg
  • Reagera på forandringar rundt dei.
Fuglar har porøse, lette knoklar som ei tilpassing til eit liv i lufta.
«Adapsjon» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Adapsjon (fleirtyding).

Om eit trekk ved eit dyr er ein tilpassing, kallar me det eit adaptivt trekk.

Ulike slag tilpassingar endre

Strukturelle tilpassingar er anatomiske trekk ved ein organisme som hjelpar han å overleva i sitt naturlege miljø. Døme på dette kan vera lunger, som er ei tilpassing til å pusta i luft, eller dei hole knoklane til.

Åtferdsmesige tilpassingar er spesielle måtar ein spesiell organisme oppførar seg for å overleva i miljøet sitt. Eit døme på dette er silda sin hang til å leva i stim, ei tilpassing til å kunne leva i område med mykje predasjon.

Fysiologiske tilpassingar er biokjemiske system organismar har som gjer det lettare å overleva, til dømes giftproduksjon hjå slangar og edderkoppar.

Mistilpassingar endre

Mistilpassingar eller maladaptasjonar førekjem når ei tilpassing ikkje lenger er til gagn for organismen, men har vorte skadeleg. Dette skjer m.a. når organismar formeirar seg før ulempene ved tilpassinga slår ut eller når evolusjonen går saktare enn den åtferdsmessige eller miljømessige utviklinga. Døme på maltilpassingar er mennesket sine smakslaukar, som reagerer positivt på sukker - i «naturtilstanden» var denne ressursen særs sparsam og eit grådig nyttig kosttilskot når han først dukka opp, men når me i dag har sukker i overflod har det forandra seg til eit helseproblem.

Korleis tilpassingar finn stad endre

Tilpassingsteorien er eit anna namn for lamarckismen, det vil seie læra om arv av tileigna eigenskapar. Lamarck trudde tilpassingar hjå dyr og plantar utvikla seg gradvis gjennom innsats frå einskildorganismane, og at resultata desse kom fram til vart overført via generasjonane. I dag veit me at det skjer via naturleg utval; at dei dårlegast tilpassa organismane rett og slett ikkje klarar å få spreidd arveanlegga sine vidare.