Opna hovudmenyen

Tim Cappello (fødd 1955),[1] òg kalla Timmy Cappello,[2] er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, komponist og vokalist. Han er hovudsakleg kjend som saksofonist for Tina Turner i 1980- og 1990-åra,[3][4][5] og for framføringa i vampyrfilmen The Lost Boys frå 1987.[6][7]

Tim Capello
Fødd20. hundreåret
OpphavUSA
Aktiv1977 til i dag
Instrumentsaksofon
Verka somSaksofonist, perkusjonist, klaverspelar, vokalist, låtskrivar, skodespelar

Han er kjend for den muskulæse kroppen, dei utfordrande rørslene når hans pelar og tendensen til å spele utan skjorte, med huden olja inn og håret i ein hestehale.[1][4][6][8]

KarriereEndra

Cappello starta karrieren med å turnere for artistar som musikaren Eric Carmen og komikaren Billy Crystal.[1] Han spelte saksofon for Peter Gabriel på albuma Peter Gabriel [1] (1977)[9] og Peter Gabriel [2] (1978)[10] i tillegg til at han turnerte med Gabriel.[11] Cappello turnerte òg med Garland Jeffreys i 1978, og spelte både saksofon og klaverinstrument.[12] Etter å ha kjempa mot heroinmisbruk, kvitta Capello seg med problemet og byrja med kroppsbygging i 1980.[1] Cappello turnerte med Carly Simon seinare same året, og spelte ein gong på scenen i ein g-streng i lær, i tillegg til kjetting og hundeband.[1]

Frå 1981 til 1982 fronta Cappello sitt eige popband i New York City kalla The Ken Dolls[1][13] Cappello hadde ein seksuell sceneframtreden Csom vart vidare dyrka med The Ken Dolls - ein stil som vart kalla «porn pop»,[1] Cappello var kjend for å spele i g-streng.

I 1984 vart Cappello hyrt av Tina Turner som klaverspelar og saksofonist.[1] Han spelte i studio og på turné med ho i mange år, og han er å høyre på Turner-songar som «We Don't Need Another Hero» og «One of the Living» frå Mad Max Beyond Thunderdome (1985) og var med i musikkvideoane til begge desse.[1] Cappello spelte på filmmusikkalbumet What's Love Got to Do with It i 1993, og spelte saksofon og song Ike Turner-sine vokalparti i ein oppdatert versjon av songen «Proud Mary».[14] Cappello turnerte med Ringo Starr i 1992 og 1999 som medlem av hans All-Starr Band.[3][15][16]

Utsjånaden til Cappello skaffa han roller på fjernsyn og filmar. I 1987 hadde han eit musikalsk innslag i filmen filmen The Lost Boys der han song og spelte saksofon på ein coverversjon av songen «I Still Believe» av The Call.[6][7] Som skodespelar har han vore med i fjernsynsshowa The Equalizer og Miami Vice i 1987, og i filmane Hearts of Fire med Bob Dylan i 1987 og Tap med Gregory Hines i 1989.[2]

Cappello har skrive musikk for film og fjernsyn, mellom anna for Radium City i 1987[2].

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Fricke, David (Nov 29, 1985). «Tina's 'Tarzan' not just a muscle man». The Palm Beach Post. Rolling Stone Magazine. s. 37. Henta September 30, 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 IMDb om Tim Cappello
  3. 3,0 3,1 Wild, David (July 7, 2011). «Ringo Starr, Confident and Sober: Rolling Stone's 1992 Feature Story». Rolling Stone. Henta 23. april 2016. 
  4. 4,0 4,1 Crain, Zac (May 26, 2005). «The Legend of Billy Hicks. Or, why sax player is no longer a viable occupation in rock and roll». Dallas Observer. Henta 23. april 2016. 
  5. Cericola, Kate (August 23, 1987). «Two summer soundtracks are keeping turntables warm». Star-News. s. 5G. Henta 23. april 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Kreps, Daniel (February 1, 2010). «Jon Hamm Breaks Out Saxophone, Ham and Buble On «SNL»». Rolling Stone. Henta 23. april 2016. 
  7. 7,0 7,1 Chaney, Jen (July 31, 2012). «‘The Lost Boys’ turns 25: A list of 25 great things about the ‘80s vampireflick». Washington Post. Henta 23. april 2016. 
  8. «Dynamic Tina turns out class act». The Pittsburgh Press. August 24, 1985. s. B7. Henta 23. april 2016. 
  9. Peter Gabriel [1]. Peter Gabriel. Interscope Records. 1977. Henta 23. april 2016. 
  10. Peter Gabriel [2]. Peter Gabriel. Interscope Records. 1978. Henta 23. april 2016. 
  11. Friend, Lonn (July 11, 2006). Life on Planet Rock: From Guns N' Roses to Nirvana, a Backstage Journey through Rock's Most Debauched Decade (eBook). Random House Digital. s. 103. ISBN 0767922085. Henta 23. april 2016. 
  12. Provick, Bill (June 1, 1978). «Mid-size format works well. Fire low, but Jeffreys still 'pretty good'». Ottawa Citizen. s. 77. Henta 23. april 2016. 
  13. «About the Manhattan Producer’s Alliance». http://manhatpro.com. Henta 23. april 2016.  External link in |work= (hjelp)
  14. Browne, David (June 18, 1993). «Sliver;Poetic Justice;What's Love Got to Do with It;Posse;Last Action Hero;Made in America;Super Mario Bros.». Entertainment Weekly. Henta 23. april 2016. 
  15. Fricke, David (April 3, 1992). «Tina's 'Tarzan' not just a muscle man». The New York Times. Henta 23. april 2016. 
  16. Campbell, Mary (April 2, 1999). «Performing is still a thrill for Ringo Starr». The Albany Herald. The Associated Press. s. D1. Henta 23. april 2016. 

BakgrunnsstoffEndra