We Don't Need Another Hero (Thunderdome)
We Don't Need Another Hero (Thunderdome) Singel av Tina Turner frå albumet Mad Max Beyond Thunderdome | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. juli 1985UK | |
Innspelt | Januar 1985 | |
Sjanger | ||
Lengd | 6:05 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Graham Lyle, Terry Britten | |
Tekstforfattar | Graham Lyle, Terry Britten | |
Låtskrivar(ar) | Terry Britten Graham Lyle | |
---|---|---|
Produsent | Terry Britten | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Show Some Respect» (1985) |
We Don't Need Another Hero (Thunderdome) | «One of the Living» (1985)
|
«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» er ein song frå 1985 av Tina Turner. Han vart nytta i filmen Mad Max Beyond Thunderdome same året, der Turner spelte i lag med Mel Gibson. Songen var skriven av Terry Britten og Graham Lyle.
«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» vart gjeven ut like etter det storseljande albumet til Turner, Private Dancer. Songen vart gjeven ut på singel og ein lengre versjon kom ut på ein 12" singel og på det tilhøyrande filmmusikkalbumet. I Storbritannia vart det òg gjeve ut ein forma biletdisk.
I 1986 vart songen nominert til ein Golden Globe for beste originale song, og ein Grammy for beste popsong. Som låtskrivar vann Lyle og Britten Ivor Novello-prisen for beste song i 1985 med denne songen.[1]
Musikkvideo
endreI musikkvideoen ser ein Turner kledd i kostymet sitt frå filmen, ein tung ringbrynjekjole. Medan fleire spotlight lyser på ho, syng ho songen på toppen av ei plattform innimellom klipp frå filmen. I siste delen av videoen ser ein òg saksofonisten, perkusjonisten og klaverspelaren til Turner, Timmy Capello og eit barnekor. Musikkvideoen vart nominert til MTV Video Music Award for beste kvinnelege video.
Innspeling
endreTurner vart akkompagnert av eit kor frå King's House School i Richmond i London. Eit av kormedlemmane var Lawrence Dallaglio, som sidan vart ei stor rugby union-stjerne og kaptein på det engelske landslaget.
Versjonar og miksar
endre- 7" edit – 4:16
- 7" instrumental – 4:41
- 12" Extended Mix (Soundtrack album version) – 6:07
- 12" Dub Mix (Soundtrack instrumental version) – 6:30
Salsliste
endre«We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» vart ein av dei største hitsinglane til Turner verda over. Singelen nådde andreplassen på singellista i USA Billboard Hot 100, berre bak «St. Elmo's Fire (Man in Motion)» av John Parr, og tredjeplassen i Storbritannia. Han gjekk heilt til topps i Canada, Australia, Tyskland, Spania og Sveits.
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Salstroféendre
|
Andre versjonar
endreThe Shadows spelte ein instrumentalversjon av songen i 1987 på Simply Shadows.
Den uruguayansk musikaren, komikaren og forfattaren Leo Maslíah spelte inn ein parodiversjon kalla «No necesitamos otro héroe (Balderrama)» i 1988 for albumet I lique rock. I denne versjonen spelte han originalmelodien, men erstatta songen med ein heilt anna tekst.
Shirley Bassey spelte songen i 1995 på albumet Sings the Movies.
I 1998 spelte den kroatiske gruppa Vatrogasci ein versjon av songen i sigøyner-stil, og omsette songen til kroatisk, kalla «Daj još jednu».
Den svenske songaren Regina Lund spelte ein neddempa versjon av songen på albumet Year Zero i 2000.
Jane Child spelte ein versjon av denne songen i 2004, kalla «Beyond Thunderdome (We Don't Need Another Hero)».
Ein versjon av songen vart spelt inn i 2007 av det finske heavy metal-bandet Northern Kings frå debutalbumet Reborn.
«Weird Al» Yankovic parodiserte songen som «We Won't Eat Another Hero» (Hero er namnet på ein sandwich). Han har framført songen på konsertar, men har aldri blitt gjeve ut på album.[38][39]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2016.
- ↑ Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28 Mai 1994
- ↑ 2,0 2,1 David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome) – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 23. april 2016.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. april 2016.
- ↑ "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. april 2016.
- ↑ «Singlet 1985-09 syyskuu» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Lescharts.com – Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome)" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 23. april 2016.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – We Don?t Need Another Hero". Irish Singles Chart. Retrieved 23. april 2016.
- ↑ «Indice per Interprete: T». Hit Parade Italia. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 35, 1985" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Charts.org.nz – Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome)". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome)". VG-lista. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ 15,0 15,1 Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1. utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Swedishcharts.com – Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome)". Topp 60. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Tina Turner – We Don't Need Another Hero (Thunderdome) – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Chart Stats – Tina Turner – We Don't Need Another Hero" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Turner?f=341&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Turner?f=359&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Turner?f=367&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2016.
- ↑ "Tina Turner Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 23. april 2016.
- ↑ «Jahreshitparade Singles 1985» (på tysk). Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Jaaroverzichten 1985» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Top 100 Singles of 1985». RPM. December 28, 1985. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Top 100 Single-Jahrescharts 1985» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 23. april 2016.
- ↑ «I singoli più venduti del 1985». Hit Parade Italia. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Single Top 100 Van 1985» (PDF) (på nederlandsk). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Top Selling Singles of 1985». RIANZ. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Topp 20 Single Sommer 1985». VG-lista. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Swiss Year-end Charts 1985». Hung Medien. Henta 23. april 2016.
- ↑ Scaping, Peter, red. (1986). «Top 100 singles: 1985». BPI Year Book 1986 (8th utg.). British Phonographic Industry. s. 48–49. ISBN 0-906154-07-3.
- ↑ 34,0 34,1 34,2 «The Year in Music: 1985» (PDF). Billboard. December 28, 1985. Henta 23. april 2016.
- ↑ «Canadian single salstrofé – Tina Turner – We Don't Need Another Hero». Music Canada.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Tina Turner; 'We Don't Need Another Hero')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «British single salstrofé – Tina Turner – We Don't Need Another Hero». British Phonographic Industry. Enter We Don't Need Another Hero in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «unreleased «Weird Al» Yankovic recordings». Henta 23. april 2016.
- ↑ «Channel 27: «Weird Al» Yankovic!». Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 23. april 2016.