Tina Maze (fødd 2. mai 1983) er ein slovensk alpinist frå Slovenj Gradec som vann verdscupen i alpine greiner 2013. I tida 2011-14 vann ho VM-gull og to OL-gull. Ho er ei av få kvinner som har vunne renn i alle fem alpingreinene.

Tina Maze


Statsborgarskap Slovenia
Fødd 2. mai 1983 (40 år)
Slovenj Gradec
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2014 – Utfor kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2014 – Storslalåm kvinner

Utmerkingar

Skieur d’Or, Bloudek-prisen, Bloudek badge, Red za zasluge, Årets idrettsutøver i Slovenia

Tina Maze i 2010

Aktiv endre

Maze debuterte i verdscupen på nyåret 1999 i Maribor i Slovenia, 15 år gammal. På same staden og nokså nøyaktig tre år seinare kunne ho for fyrste gong stige opp på sigerspallen då ho i eit storslalåmrenn berre vart slått av den suverene vinnaren, Sonja Nef frå Sveits.

Mellom oktober 2002 og oktober 2005 vant Maze fem storslalåmrenn i verdscupen. I same perioden vart ho nummer fem i storslalåm under alpint-VM 2003 i St. Moritz, og to år seinare, under VM 2005 i Santa Caterina, kom ho på sjetteplass i super-G og på tiandeplass i kombinasjonsøvinga.

Etter nokre sesongar utanfor verdseliten kom Maze tilbake i 2009 og tok sølvmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 2009, ni hundredels sekund bakom verdsmeister Kathrin Hölzl frå Tyskland. Året etter vann ho to olympiske sølvmedaljar under Vinter-OL 2010 i Vancouver. I super-G fann ho si overkvinne i Andrea Fischbacher, medan ho storslalåm kom i mål fire hundredels sekund for seint i høve til gullvinnar Viktoria Rebensburg frå Tyskland.

Maze heldt fram å sanke sølvmedaljar då VM i alpine greiner 2011 vart avvikla i Garmisch-Partenkirchen. Ho måtte sjå seg slått av austerrikske Anna Fenninger i kombinasjonen, men vart så verdsmeister i storslalåm med knapp margin, ni hundredels sekund.

I 2013 var Maze i ei heilt eiga klasse i verdscupen i alpine greiner. Med 2 414 poeng hadde ho meir enn dobbelt så mange poeng som nummer to, tyske Maria Höfl-Riesch. Poengskåren var samstundes suveren rekord for ein enkelt sesong i verdscupen, uansett kjønn. Maze vart verdsmeister i super-G under VM 2013 i Schladming, og fekk sølv i både superkombinasjon og storslalåm, bak høvesvis Maria Höfl-Riesch og franske Tessa Worley.

Maze vart olympisk meister både i utfor og seinare storslalåm under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Fyrsteplassen i utfor vart delt med Dominique Gisin frå Sveits.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre