Tinnoset

Koordinatar: 59°43′29″N 9°1′38″E

Tinnoset er ein busetnad i sørenden av Tinnsjø i Notodden kommune i Vestfold og Telemark.

Tinnoset på slutten av 1800-talet.

Her ligg ferjeleiet for jernbaneferja over Tinnsjø til Mæl, som utgjer ein del av banen til Rjukan. Her ligg også slippen der ferjene vert ettersett, og Tinnoset stasjon.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Tinnoset