Opna hovudmenyen

Notodden kommune

kommune i Telemark

Notodden kommune ligg nordaust i Telemark fylke og grensar i vest til Hjartdal og Seljord, i nord til Tinn, i sør til og Sauherad og i aust til to kommunar i Buskerud, Kongsberg og Flesberg. Kommunen har sine noverande grenser frå 1964 då Notodden vart slegen saman med kommunane Heddal, Gransherad og ein del av Hovin.

Notodden kommune
kommune
Notodden dark.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Notodden
Areal 919 km²
 - land 856 km²
 - vatn 63 km²
Folketal 12 664 (1. januar 2018)
Folketettleik 15 / km²
Målform nøytral
Ordførar Gry F. Bløchlinger (Ap)
Kommunenr. 0807
NO 0807 Notodden.svg
Wikimedia Commons: Notodden
Nettstad: www.notodden.kommune.no

Kommunen ligg ved Tinnsjø og Telemarkskanalen. Det var i Notodden Norsk Hydro vart grunnlagt, og føretaket hadde sin første og sentrale industristad basert på vasskraft i byen. Byen er kjend for å arrangere Notodden Blues Festival, ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa.

GeografiEndra

 
Utsyn frå fylkesveg 37 mot Bolkesjø hotell, Bolkesjø og Follsjø (i bakgrunnen) i Gransherad, ei bygd i Notodden kommune.

Tinnelva (Tinne) som renn frå Tinnsjø til Heddalsvatnet, går sentralt gjennom kommunen. Til Tinnelva renn Fulldøla frå Follsjå sør for Blefjell. Til Heddalsvatnet renn også Heddøla gjennom Heddal som er ein vid dal med støre lausmassar opp til kring 160 moh. Det høgste punktet i kommunen er Tverrgrønut, 1 305 moh.

Kommunesenteret Notodden ligg i bakkane på begge sidene av utløpet til Tinnelva i Heddalsvatnet. Dei opphavlege bygningane og industrien er på austsida av elva. Den andre tettstaden i kommunen er Yli, som ligg fire km vest for kommunesenteret. Notodden opplevde ein stor vekst i kjølstripa av den store utbygginga av vasskraft og industri i 1905, i hovudsak grunna Norsk Hydro. Frå 1900 til 1920 auka folketalet i tettstaden frå 849 til 6533.

SamferdsleEndra

Sørlandsbanen går gjennom den søraustlege delen av kommunen med sidebane frå Hjuksebø over Notodden til Tinnoset. E 134 (DrammenHaugesund) går gjennom Notodden. Vest for byen ligg Notodden lufthamn.

Kommunenamn og -våpenEndra

Første ledd i namnet Notodden kjem av fiskereiskapen not. Ein person frå Notodden vert kalla for notodding.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1939. Motivet er på blå botn ei sølv loddrett elv som sender ut lynstråler og står som symbol for vasskraft.

Kjende personar frå NotoddenEndra

BakgrunnsstoffEndra