Jacopo Comin, også Jacopo Robusti, best kjend som Tintoretto (29. september 151831. mai 1594) var ein italiensk målar under seinrenessansen som arbeidde i fødebyen Venezia. Han vert rekna som ein av dei fremste representantane for manierismen i italiensk kunst. Kallenamnet Tintoretto («veslefargaren») fekk han ettersom han var son til ein tintore («fargar»). Sjølv var han far til tre kjende målarar; Marietta Robusti, Domenico Tintoretto og Marco Tintoretto.

Tintoretto

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1519
Venezia
Død

31. mai 1594 (75 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Sjanger Venetiansk maleri, renessansen, religiøst maleri, mytologisk maleri, allegori
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Ektefelle Faustina de Vescovi
Born Marietta Robusti, Domenico Robusti, Marco Tintoretto
Signatur
Tintoretto på Commons

Liv og gjerning endre

 
'Krossfestinga', 1565
 
Sjølvportrett, 1586

Tintorettos arbeid er tydeleg påverka av Michelangelo og hans svulmande former i avbildinga av menneskekroppen, noko som elles peikar framover mot barokken. Hans uttalte ideal var å «teikne som Michelangelo, måle som Tizian». Tintoretto nådde aldri Tizians og Paolo Veroneses tekniske kvalitetar som målar, men han kompenserte for dette med visjonær og mystisk-religiøs kraft i bileta sine. Kompositorisk er verka hans storslåtte og perspektivisk ofte komplekse og bisarre.

Tintoretto var den mest manieristiske av meistermålarane under høgrenessansen. Med sine chiaroscuro-effektar spela han ei rolle for Caravaggio og andre barokkmålarar. Eit godt døme på dette er måleriet Kroppen til helgenen Markus vert berga frå omkring 1562.

Tizian var hans største konkurrent om dei store og mest lønsame oppdraga i Venezia, noko som førte til at Tintoretto senka prisane på arbeida sine. Verkstaden til Tintoretto var svært produktiv, innimellom førte det til lågare kvalitetar i verka som han laga. Dei beste arbeida hans vitnar om at han høyrde til manierismens største meistrar og kunne måle seg med Tizian.

Tintorettos mest kjende verk er Krossfestinga (1565) og Nattverden (1592-94).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tintoretto