Paolo Caliari (152819. april 1588) , betre kjend som Paolo Veronese, var ein framståande venetiansk renessanseålar. Han var ein av dei største meistrane innan venetiansk målarkunst på 1500-talet. Tilnamnet Veronese fekk han av di han var frå Verona.

Paolo Veronese

Sjølvportrett, 1558-63
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1528
Verona
Død

19. april 1588, 9. april 1588 (60 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, teiknar, bygningstegner
Sjanger portrett, portrettmåleri, historiemåleri, allegori, religiøs kunst
Religion katolisisme
Ektefelle Elena Badile
Born Carletto Caliari, Gabriele Caliari
Signatur
Paolo Veronese på Commons

Liv og gjerning endre

 
'Overfallet på Europa', 1581-84

Paolo Veronese studerte i unge år den lokale kunsten i Verona. I 1548 reiste han til Mantova, der han skapte freskar i katedralen i byen. Deretter slo han seg ned i Venezia, der han studerte under Giovanni Francesco Caroto, som også var frå Verona.

Dei fleste av arbeida hans er livfulle, forteljande syklusar, laga i ein dramatisk og fargerik manieristisk venetiansk stil, full av majestetiske, arkitektoniske bygningar og glitrande venetiansk prakt.

Saman med Tizian og Tintoretto er han dei tre store målarane under seinrenessansen i Venezia. Han er kjend som ein stor kolorist og for sine illusjonistiske dekorasjonar i både freskar og oljemåleri. Store bilete av bibelske etegilde måla for bedehus og kloster i Venezia og Verona finst det rett mange av. Han produserte også mange altartavler, historiske og mytologiske måleri, portrett og kompositoriske skisser med penn, vassmåling i blekk, figurstudiar i krit og chiaroscuro-figurar.

 
'Gjestebodet i Levis hus', 1573

Paolo Veronese kom i alvorleg konflikt med inkvisisjonen for sin måte å framstille religiøse motiv, som om det einast var snakk om festivalscener. Bryllaupet i Kana frå 1563 og Gjestebodet i Levis hus frå 1573 er begge døme på dette. Han vart visstnok sensurert, men ryet hans som målar fekk ingen større skade.

Han stod i spissen for eit familieatelier som heldt fram aktiviten etter han døydde i Venezia i 1588. Giovanni Antonio Fasolo var mellom dei som gjekk i lære hos Paolo Veronse.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Paolo Veronese