Tinus Osendarp
Martinus Bernardus Osendarp (21. mai 1916–20. juni 2002), kjent som Tinus Osendarp, var nederlandsk friidrettsutøvar, politimann og krigsforbrytar. Han vann to gullmedaljar i sprintløp ved friidretts-EM 1938.
Tinus Osendarp | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 21. mai 1916 Delft |
Død | 20. juni 2002 (86 år) Heerlen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 1936 – 100 meter menn, EM i friidrett 1934 – 100 meter menn, EM i friidrett 1938 – 100 meter herrer |
Idrettsmann
endreOsendarp sikra seg to bronsemedaljar ved EM i friidrett 1934 i Torino, fyrst på 200 meter og deretter i 4 x 100 meter stafett. Også frå Sommar-OL 1936 i Berlin reiste han heim med to bronsemedaljar. På 100-meteren møtte han sine overmenn i Jesse Owens og Ralph Metcalfe frå USA, på 200 meter sigra Owens framom landsmann Mack Robinson og Osendarp. Under EM i friidrett 1938 i Paris sprang Osendarp i mål som vinnar på så vel 100 m som 200 m. Hans personlege rekordar frå 1936-sesongen var på høvesvis 10,4 og 21,1 sekund.
Krigsforbrytar
endrePolitimannen Osendarp melde seg inn i Den nasjonalsosialistiske rørsla i Nederland etter at Nazi-Tyskland okkuperte landet i 1940. Han vart tilsett i «tryggingspolitiet» og tok del i deporteringa av jødar frå Nederland. Etter den andre verdskrigen var over vart Osendarp dømt til tolv års fengsel for lovbrot i krigsåra. Han vart sett fri i 1953 og arbeidde som gruvearbeidar, til han frå 1958 fekk jobbe som idrettstrenar resten av sitt yrkesliv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tinus Osendarp» frå Wikipedia på nederlandsk, den 10. juni 2024.