Tipplers Tales
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Februar 1978, Chipping Norton Studios, Oxfordshire
Sjanger Folkrock
Lengd 36:26
Selskap Vertigo 9102022
Produsent Fairport Convention
Kritikk
Fairport Convention-kronologi 
The Bonny Bunch of Roses
(1977)
Tipplers Tales Farewell Farewell
(1979)


Tipplers Tales er eit album av Fairport Convention frå 1978. Det vart spelt inn på berre ti dagar,[1] og var det siste albumet bandet spelte inn for Vertigo. Simon Nicol skreiv seinare

«Vi fekk oss ein avtale med Vertigo, den som enda med at dei betalte oss for å ikkje lage fleire album. det virka som ei nyhende, som Marx Brothers-linka: 'Kor mykje skal du ha få å IKKJE øve?' 'Åh, det har du ikkje råd til'. Vi gjorde Bonny Bunch og Tipplers Tales og ikkje dei fire andre albuma som var i kontrakten.»[2]

Dave Pegg sa seinare:

«Det var ikkje så mykje pengar. Det var kring £30 000. Det var førte gong me hadde tent så mykje pengar på musikken. Me fekk noko slikt som £7000 kvar. Det var meir penga enn me nokon gong hadde hatt før. Dette var i 78 og det gjorde at me kunne avslutte bandet.»[1]

Tipplers Tales vart av Allmusic skildra som «ikkje eit konseptalbum, sjølv om alkohol går mykje igjen i dei tradisjonelle songane»,[3] men likevel «gjer det bandet kan best, ta nokre fine, gamle tradisjonelle engelske jiggar, reels og tradisjonelle soger og set sitt eige folkrockmerke på dei».[3] Etter Tippler's Tales gjekk det sju år før neste Fairport-album kom ut, Gladys' Leap i 1985.[3][4]

Fleire tradisjonelle folkeviser hadde tidlegare vorte spelt inn av A.L. Lloyd i lag med Dave Swarbrick. Versjonen av «John Barleycorn» ligg nær versjonen som Traffic spelte inn, sidan Steve Winwood hadde lært songen av The Watersons.[5] Melodien er basert på «Wir Pflügen» av Johann Schultz, betre kjend som «We Plough the Fields and Scatter», ein gammal engelsk hausttakkefest-song.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av tradisjonelle, bortsett frå der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ye Mariners All (Bottom Of The Punch Bowl/ East Nuke Of Fyfe/Ye Mariners All)[6]»4:29
2.«Three Drunken Maidens[7]»2:46
3.«Jack O'Rion (Jack O'Rion/Turnabout/Tiree/Miss Stevenson's/Do It Now/March of the Last/Turnabout)[8][9]»11:04
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Reynard The Fox»3:02
5.«Lady Of Pleasure» (Allan Taylor)2:34
6.«Bankruptured» (Dave Pegg)1:55
7.«The Widow of Westmoorland[10]»3:23
8.«The Hair of the Dogma» (Dave Pegg)1:48
9.«As Bitme» (Dave Pegg/Bruce Rowland)1:40
10.«John Barleycorn»4:39

Personnel endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Innerviews: Fairport Convention - Come All Ye - Dave Pegg». www.innerviews.org. Arkivert frå originalen 15. februar 2009. Henta 1. februar 2010. 
  2. «History: Simon Nicol writes about Fairport - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 1. februar 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «allmusicTippler's Tales > Overview». www.allmusic.com. Henta 1. februar 2011. 
  4. «Fairport Convention > Discography > Main Albums». www.allmusic.com. Henta 1. februar 2011. 
  5. «John Barleycorn». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 20. mars 2011. Henta 1. februar 2011. 
  6. samla i 1907 og tidlegare spelt inn kvar for seg av A.L. Lloyd og Martin Carthy «Ye Mar'ners All». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 1. februar 2011. 
  7. ein gammal song, over 200 år gammal då han vart spelt inn av A.L. Lloyd «The Drunken Maidens». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 1. februar 2011. 
  8. Hovudsongen er ein versjon av Child-balladen «Glasgerion» «The Child Ballad Collection». members.chello.nl. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 1. februar 2011. 
  9. Dave Swarbrick spelte fele på ein tidlegare versjon av A.L. Lloyd. «Jack Orion». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 1. februar 2011. 
  10. Eit anna samarbeid mellom Lloyd og Swarbrick.«The Widow of Westmoreland's Daughter». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 1. februar 2011.