John Barleycorn
«John Barleycorn» er ei engelsk folkevise. Karakteren John Barleycorn i songen er ei personifisering av den viktige kornavlinga bygg og alkoholdrykkene som vert laga av han, øl og whisky. I songen vert John Barleycorn råka av fleire åtak, dødsfall og skammeleg handsaming i dei forskjellige fasane av bygg-dyrking, som innhausting og malting.
Innhald
endre
They took a plough and plough'd him down, |
Barleycorn, personifiseringa av bygg, møter mykje liding før han til slutt døyr ein ubehageleg død. Følgjene av døden hans er at ein kan lage brød. Derfør døyr Barleycorn for at andre skal få leve. Til slutt vert kroppen hans eten som brødet. Ein populær hymne, «We Plough the Fields and Scatter», vert ofte sungen på hausttakkefestar til same melodi.
Versjonar og variantar
endreDet finst mange versjonar av songen. Ein versjon av songen finst i Bannatyne Manuscript frå 1568, og engelske skillingsviseversjonar frå 1600-talet er vanlege. Den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns gav ut sin versjon i 1782, og det finst fleire moderne versjonar.
Nyare innspelingar
endreDet er spelt inn mange versjonar av songen, mest kjend av Traffic, som har kalla opp albumet deira John Barleycorn Must Die etter songen. Songen er òg spelt av Fire + Ice, Gae Bolg, Bert Jansch, The John Renbourn Group, Pentangle, Finest Kind, Martin Carthy, Roy Bailey, Martyn Bates i samarbeid med Max Eastley, the Watersons, Steeleye Span, Jethro Tull, Fairport Convention, The Minstrels of Mayhem, Oysterband, Frank Black, Chris Wood, Woody Lissauer, Quadriga Consort, Maddy Prior, Heather Alexander, Tim van Eyken og mange andre artistar. Songen er òg ein sentral del av The Imagined Village-prosjektet til Simon Emmerson. Martin og Eliza Carthy spelte songen i lag med Paul Weller på albumet The Imagined Village.
Tolkingar og bruk i andre kulturuttrykk
endreForskaren Kathleen Herbert har trekt linjer mellom Beowa (ein mytisk figur frå angelsaksisk heidendom som dukkar opp tidleg i angelsaksiske kongelege slektstavler. Namnet tyder «bygg») og figuren John Barleycorn. Herbert seier at Beowa og Barleycorn er ein og same, og merkar seg at folkevisa skildrar lidinga, døden og oppstoda til Barleycorn, men feirar òg «den lækjande effekten av å drikke blodet hans»[2]
Jack London gav tittelen John Barleycorn til sjølvbiografien sin frå 1913, som fortel om kampen hans mot alkoholisme.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Barleycorn» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Herbert, Kathleen (2007). Looking for the Lost Gods of England. Anglo-Saxon Books. ISBN 1-898281-04-1
- Vaughan Williams, Ralph and A.L. Lloyd (1959). The Penguin Book of English Folk Songs. Penguin.
- Wood, Pete. «John Barleycorn: The Evolution of a Folk-Song Family», Folk Music Journal, Vol. 8, pp 438-455, 2004
- Wood, Pete. «John Barleycorn revisited: Evolution and folk-song», Article 232, Musical Traditions
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Barleycorn ved Wikisource
- ↑ Herbert (2007:16).