Tiwi
Tiwi (uttalt ˈtiːwi[2]) er eit australsk språk som er tala av tiwiar frå Nordterritoriet i Australia. Tiwiane kjem frå øyane Bathurst og Melville like nord for kysten av Austalia.
Tiwi | ||
Klassifisering | isolert språk | |
Bruk | ||
Tala i | Australia | |
Område | Nordterritoriet | |
Tiwitalande i alt | 1 830 (folketeljing 1996, omfattar også dei som ikkje talar språket flytande).[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | Ingen | |
ISO 639-2 | Aus | |
ISO 639-3 | tiw |
Tiwi er eit isolert språk og er tradisjonelt polysyntetisk, det vil seie at enkeltord kan vera bygde av svært mange morfem. Språket har eit hundretals nominalar (noko liknande substantiv og adjektiv) som kan setjast saman med verb, ofte i ei ganske ulik form frå sine usamansette former.[3] Språkkontakt med europeiske språk (engelsk) har ført til store endringar i språket, slik at moderne tiwi er mykje meir analytisk enn det tradisjonelt le polysyntetiske språket, i tillegg til endringar i ordtilfanget. I ei undersøking frå 1993 snakka berre folk over 55 år tradisjonell tiwi, medan alle under 30 år snakka moderne tiwi.[4]
Døme
endreDøma under viser skilnaden mellom tradisjonell og moderne tiwi:
- Tradisjonell tiwi
- a-mpi-ni-watu-wujingi-ma-jirrikirnigi-yangurlimay-ami
- ho-NPST-LOC-morgon-DUR-COM-lys-gå-MOV
- Ho (sola) skin der borte om morgonen
- (Bokstaveleg ho går der borte om morgonene med lys)
- Moderne tiwi
- japinari wokapat a-mpi-jiki-mi kutawu with layt
- morgon går ho-NPST-DUR-gjera der med lys
Eit anna døme på tiwi er stadnamnet Wurrumiyanga, som tyder 'staden der sikadane bur'.[5]
Kjelder
endre- ↑ Ethnologue
- ↑ Laurie Bauer, 2007, The Linguistics Student’s Handbook, Edinburgh. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ [[R.M.W. Dixon 1980. The languages of Australia. Cambridge University Press (Cambridge language surveys). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Lee, Jennifer R. 1993. Tiwi Today: A study of language change in a contact situation Canberra: Pacific Linguistics (Series C - No. 96). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Wurrumiyanga ved ntlis.nt.gov.au
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tiwi» frå Wikipedia på svensk, den 24. desember 2012.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tiwi language» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2013.