Tjukk l eller retrofleks flapp er ein språklyd som mellom anna finst i norske dialektarAustlandet, Trøndelag, på Helgeland og opp til Nord-Salten og enkelte andre stader. Lyden blir danna ved at ein krøller tunga litt bakover og rettar henne ut igjen. På vegen framover slår tungespissen over den fremre delen av ganen. (eksempel: njeet)

IPA-teikn ɽ
IPA-nummer 125
Entitet (desimal) ɽ
Unicode (hex) U+027D
X-SAMPA

r`

Kirschenbaum *.
Lydeksempel

I IPA skriv ein lyden som [ɽ]. I norsk lydskrift skriv ein gjerne lyden med teiknet ł̣. I norsk har tjukk l oppstått av norrøn l (sól) eller (garð). I ytterområda for tjukk l finn ein /suːɽ/ og /ɡɑːɾ/.

Førekomst av tjukk l endre

Tjukk l kan både bli brukt for gamalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gamalnorsk  i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to tjukk l-typane fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei det same området. Vestnorsk har ikkje tjukk l.

Andre språk:

  • Albansk: I staden for enkel r i slutten av ord.
  • Hausa: I staden for r.
  • Hindu/urdu: Representert i devanagari med bokstaven ड़ og på urdu med ڑ.
  • Japansk: Skil ikkje mellom r og l, og avhengig av ordet, kan ein r eller tjukk l bli brukt.
  • Italiensk: I ein landsbydialekt i Nord-Italia i staden for n.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Heide, Eldar, 2010: «Tjukk l – Retroflektert tydeleggjering av kort kvantitet. Om kvalitetskløyvinga av det gamle kvantitetssystemet.» Maal og minne, s. 3-44.
      Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.