Hausa
Hausa er eit tsjadspråk i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka som førstespråk av 24 millionar menneske, og som andrespråk av ca. 15 millionar.
Hausa hausa, هَوُسَ | ||
Klassifisering | afroasiatiske språk
tsjadspråk | |
Bruk | ||
Tala i | Benin, Burkina Faso, Kamerun, Ghana, Niger, Nigeria, Togo | |
Hausatalande i alt | 24 millionar som førstespråk, 15 millionar som andrespråk | |
Rangering | 41 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nordlege Nigeria | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ha | |
ISO 639-2 | hau | |
ISO 639-3 | hau | |
Glottolog | haus1257
|

Geografisk område endre
Hausa blir snakka i Niger og nord i Nigeria, men det blir brukt som lingua franca i store delar av Vest-Afrika, spesielt blant muslimar.
Offisiell status endre
Hausa er offisielt språk i den nordlege delen av Nigeria.
Lydsystem endre
Vokalar endre
Hausa har eit klassisk femvokalsystem, / i, e, a, o, u /, der alle vokalane kan vere lange eller korte. I tillegg har hausa diftongane /ai, au/.
Konsonantar endre
Tabellen viser konsonantane i hausa. Når den ortografiske representasjonen avvik frå IPA, er IPA-symbolet sett til i parentes.
bilabial | alveolar | post- alveolar |
retrofleks | palatal | velar | uvular | glottal | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st.f | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | ust. | st. | |
Implosiv | ɓ | ɗ | ||||||||||||||
Ejektiv | ts (ʦ') | k' (ƙ) | ||||||||||||||
Plosiv | b | t | d | k | g | ' (ʔ) | ||||||||||
Affrikat | c (ʧ) | j (ʤ) | ||||||||||||||
Nasal | m | n | ||||||||||||||
Vibrant | r | |||||||||||||||
Flapp | r (ɽ) | |||||||||||||||
Frikativ | f (ɸ) | s | z | sh (ʃ) | h | |||||||||||
Approksimant | w | l | y (j) |
Fonologi endre
- For meir om dette emnet, sjå Tonologien i hausa.
Hausa er eit tonespråk, med tre tonar, høg, låg og fallande tone.
Ordforråd endre
Lånord endre
Hausa har mange arabiske lånord.
Genustilordning endre
Hausa har to genera, maskulinum og femininum. Der språket har ulike ord for referentar med biologisk hankjønn og hokjønn, er dei maskulina eller feminina, som yáròo «gut» og yáarínyàa «jente». Frå denne semantiske kjernen har hausa eit fonologisk basert genustilordningssystem: Ord på -aa er feminina, alle andre ord er maskulina.
Skriftsystem endre
Hausa har vore skriftfesta i meir enn 200 år, først med ein variant av det arabiske alfabetet (ajami), men deretter med det latinske alfabetet, som vart innført i byrjinga av 1900-talet. Dette alfabeter er kjend som boko (frå engelsk book), og blei offisiell skrift for hausa i 1930.[1]
Hausa har 3 konsonantar i tillegg til dei vanlege latinske: ɓ, ɗ og ƙ.
Ord frå grunnordforrådet endre
Tyding | Hausa | Tyding | Hausa |
---|---|---|---|
eg | nii | stor | bàbba |
du | kai (m.), kee (f.) | liten | ƙànkanèè |
han/ho/det | shii (m.), ita (f.) | ete | ci |
vi | muu | drikke | shaa |
dokker | kuu | sove | barcii |
dei | suu | døy | mutù |
kven? | wàà | gå | tàfi, jee |
kva? | mèè | kome | zoo |
menneske | ɗan Adàm | gje | baa, baà |
mann | mùtûm | ta | ɗaukàà |
kvinne | màcè, mààtaa | snakke | fàɗaa |
hovud | kâi | elske | soo |
auge | idòò | ein | ɗaya |
øyre | kûnnee | to | biyu |
nase | hancìì | tre | ukù |
munn | bààkii | fire | huɗu |
tann | haƙoorii | fem | bìyar |
tunge | harshèè | seks | shidà |
hjarte | zuucìyaa | sju | bakwài |
hand | hannuu | åtte | takwàs |
fot | ƙafàà | ni | tarà |
vatn | ruwaa | ti | goomà |
eld | wutaa | tjue | àshìrin |
sol | raanaa | hundre | ɗàrii |
måne | watàà | tusen | dubuu |
Kjelder endre
- Fotnotar
- ↑ Dalby, Andrew (1998). Dictionary of languages: the definitive reference to more than 400 languages. New York: Columbia University Press. s. 242. ISBN 0-231-11568-7.. Oppgjeve av Engelsk Wikipieda