Tobias Øgrim

Tobias Immanuel Øgrim (fødd 7. november 1886 i Sicklaö i Sverige, død 11. november  1962 i Oslo) var ein svensk-norsk kommandør i Frelsesarmeen.

Tobias Øgrim
Fødd 7. november 1886
Nacka församling
Død

11. november 1962 (76 år)
Oslo

Kommandør Øgrims plass i Oslo

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Han var son av Johan Ögrim, og kom til Noreg fyrste gong i 1895, der far hans var sjefssekretær i Frelsesarmeen. I 1905 drog han til Den internasjonale krigsskolen til Frelsesarmeen i London.

Virke i FrelsesarmeenEndra

Seinare vart han send som frelsesoffiser til England, Japan og fleire europeiske land, mellom anna Færøyane.

Etter at faren Johan vart landsleiar i Frelsesarmeen i Noreg i 1906, tok Tobias norsk statsborgarskap i 1908. Han hadde ei rekkje nøkkelstillingar som frelsesoffiser i Noreg, mellom anna som krigsskulesjef (rektor for offisersutdanninga) og sjefssekretær (nestkommanderande). Ein periode var han og kona misjonærar i Japan. Han var leiar av Frelsesarmeen i Noreg frå 1945 til 1948, der han gjorde ein monaleg innsats i hjelpearbeidet i det krigsherja Nord-Noreg.

Frå 1948 til 1951 var han internasjonal sekretær for Europa ved hovudkontoret i London. Han leidde Frelsesarmeen i Sverige frå 1951 til 1956. Frå denne stillinga vart han pensjonert. Han døydde i 1962, under eit besøk til ei svensk forsamling.

T.I. Øgrim hadde fem barn. Han er far til fysikaren Otto Øgrim og Kristian Øgrim, som mellom anna var programleiar i NRK Fjernsynet. T.I. Øgrim er stamfar til alle med Øgrim-namnet i Noreg. Forfattaren Tron Øgrim var såleis eit av barnebarna.

Dottera Ruth var gift med den mangeårige ordføraren i Oslo, Brynjulf Bull.

Kommandør T. I. Øgrims plass utanfor Hovudkvarteret til Frelsesarmeen i Bernhard Getz' gate i Oslo er oppkalla etter han.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Holm, Henry: T.I.Øgrim: Han glemte ingen – Salvata Kristelige forlag – Oslo 1964