Tubruq

(Omdirigert frå Tobruk)


Tubruq eller Tobruk er ein by i austlege Libya ved Middelhavet, om lag 155 kilometer frå grensa til Egypt. Han har ein oljeleidning frå Sarir-feltet og ei petroleumshamn. I tillegg har byen eit avsaltingsanlegg for havvatn og eit varmekraftverk. I 2005 hadde byen eit innbyggjartal på 121 000.

Tubruq
Tubruq
Tubruq
Tubruq
Styresmakter
Land Libya
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

135 832
Koordinatar 32°4′34″N 23°57′41″E / 32.07611°N 23.96139°E / 32.07611; 23.96139
Høgd over havet 50 m
Plassering
Tubruq is located in Libya

Tubruq vart hærteke av Italia i 1911 og nytta som base for hæroperasjonar i sør. Under andre verdskrigen spela byen ei rolla som festning og orlogshamn. Byen vart hærteke av britane i januar 1941, av aksemaktene 21. juni 1942, men kom endå ein gong under britisk kontroll 13. november same året. Byen fekk store skadar, men vart seinare bygt opp att.

Kjelder

endre