Toggenburg
Toggenburg er namnet på den øvre dalen i Thur i kantonen St. Gallen i Sveits. Dalen er òg ein valkrins i kantonen.
Toggenburg Wahlkreis Toggenburg | |||
valkrins | |||
Landskap i Toggenburg med landsbyen Nesslau
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen St. Gallen | ||
Areal | 488,75 km² | ||
Folketal | 45 056 (desember 2010) | ||
Kommunar | 16 | ||
Toggenburg 47°17′58″N 9°05′13″E / 47.299444°N 9.086944°E | |||
Kart som viser Toggenburg.
| |||
Wikimedia Commons: Toggenburg (Wahlkreis) |
Dalen går nordvestover frå vassdraget mellom Rhinen og Thur, og grensar i aust til Säntis og i sørvest til Churfirsten og Speer. Det er ein frodig dal som er kring 45 km lang frå kjelda til elva Wil ved jernbanelinja mellom Winterthur and St. Gallen.
Den høgasteliggande landsbyen i dalen er Wildhaus der Huldrych Zwingli, den sveitsiske reformatoren, vart fødd i 1484. Andre landsbyar er Lichtensteig, Kirchberg og Wattwil.
Dei 16 kommunane i valkrinsen er Bütschwil, Ebnat-Kappel, Ganterschwil, Hemberg, Kirchberg, Krinau, Lichtensteig, Lütisburg, Mosnang, Neckertal, Nesslau-Krummenau, Oberhelfenschwil, Stein, Wattwil og Wildhaus-Alt St. Johann.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Toggenburg» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
Bakgrunnsstoff
endre- Turistinfirmasjon Arkivert 2011-03-01 ved Wayback Machine.