Thur i Sveits
Thur er ei elv i den nordaustlege delen av Sveits. Ho er 134 kilometer lang, med eit nedslagsfelt på 1 696 km². Elva er ei bielv til Rhinen. Thur har kjelde på fjellet Säntis, søraust i kantonen St. Gallen. Ho renn gjennom valkrinsen Toggenburg og byen Wil, deretter renn ho inn i kantonen Thurgau og forbi kantonshovudstaden Frauenfeld. Dei siste 19 kilometrane av Thur renn ho i kantonen Zürich. Ho munnar ut i Rhinen ved landegrensa mot Tyskland, sør for Schaffhausen.
Thur | |||
elv | |||
Thur i Toggenburg
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 696 km² | ||
Lengd | 131 km | ||
Kjelde | kantonen St. Gallen | ||
Munning | Rhinen | ||
Thur i Sveits 47°35′39″N 8°35′24″E / 47.59425°N 8.59°E | |||
Wikimedia Commons: Thur |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thur (Rhein)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2011.