Tolhuin er ein by i provinsen Tierra del Fuego, heilt sør i Argentina. Byen ligg sør på Storøya i Eldlandet, ved austbreidda av Fagnano-sjøen. I 2022 hadde Tolhuin 9879 innbyggjarar,[1] og han er med det den tredje største byen i provinsen, etter Ushuaia og Río Grande.

Tolhuin
Horisonten til Tolhuin
Horisonten til Tolhuin
Byvåpenet til Tolhuin
Styresmakter
Land
Provins
Øy
Argentina
Tierra del Fuego
Storøya
Grunnlagd 9. oktober 1972
Geografi
Flatevidd 54 km²
Innbyggjarar
 - By (2022)

9879
Koordinatar 54°30′S 67°11′W / 54.500°S 67.183°W / -54.500; -67.183
Høgd over havet 5 m
Tidssone -3 (UTC-3)
Diverse anna
Postnummer V 9412
Telefon-retningsnummer +54 2901
Heimeside: https://tolhuin.gob.ar/

Tolhuin er ein ganske nyoppretta by som vart offisielt grunnlagd i 1972. Bynamnet er eit ord frå språket til selk'nam-folket og tyder ‘som eit hjarte’.[2] Nasjonalveg nummer 3 i Argentina skjer gjennom byen, og Tolhuin er einaste stoppestad mellom Ushuaia (10 mil sørover) og Rio Grande (13 mil nordover). Ein kjend attraksjon i byen er bakeriet Panaderia La Unión, der veggane er dekorerte med underskrivne fotografi av argentinske kjendisar som har vitja byen gjennom tidene.[3] Dei fleste bussar som går til Ushuaia stoppar her så passasjerane kan få seg kaffi og ein matbit.

Kjelder endre

  1. «Censo Nacional de Población, Hogares y Viviendas 2022. Resultados provisionales» (PDF). Censo 2022. República Argentina (på spansk). Buenos Aires: Instituto Nacional de Estadística y Censos (INDEC). Januar 2023. s. 32. ISBN 978-950-896-633-9. Henta 17. oktober 2023. 
  2. «Historia de Tolhuin – Tierra del Fuego» [Tolhuin's history – Tierra del Fuego]. visitingargentina.com (på spansk). Arkivert frå originalen 30. juli 2007. Henta 4. april 2022. 
  3. Rich, David. «The Ends of the Earth: Take a Trip to Tierra del Fuego». transitionsabroad.com. Arkivert frå originalen 3. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tolhuin