Tom Johannessen

norsk fotballspelar

Tom Johannessen (28. juli 193312. januar 1991) var ein norsk fotballspelar som vart seriemeister 1961 med Fredrikstad Fotballklubb. Sidebacken spelte 4 landskampar for Noreg hausten 1961.

Tom Johannessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1933
Fredrikstad
Død

12. januar 1991 (57 år)

Yrke fotballspelar

Johannessen spelte i forsvaret til FFK sist i 1950-åra og inn på 1960-talet. Han var i juni 1961 med å vinne den siste hovudseriefinalen mot Eik IF og fire månader seinare også NM-finalen mot Haugar.

Perioden 17. september-5. november 1961 spelte Johannessen 4 landskampar som venstreback. Dei tre fyrste enda med norsk tap, før det norske landslaget berga uavgjort 1-1 mot Malta i ein vennskapskamp i Gzira.

Kjelder endre