Sportsklubben Haugar

(Omdirigert frå Haugar)

Sportsklubben Haugar er ein fotballklubb frå Haugesund. Klubben, som vart stifta 19. oktober 1939, spelte seg fram til cupfinalen i noregsmeisterskapen både i 1961 og 1979. Begge finalekampane enda med tap.

Lagssoge

endre
  • Haugar vart landskjent då klubben som 3. divisjonslag spelte seg fram til cupfinalen på Ullevål i 1961. Det enda med 0-7-tap for Fredrikstad, som er det største finaletapet (og -sigeren) nokon gong.
  • Sesongane 1963 og -64 spelte Haugar i 2. divisjon.
  • Tida 1965-68 spelte klubben i 3. divisjon avdeling Vestland A. I 1968 vann Haugar avdelinga og rykte opp i 2. divisjon etter å ha slått avdelingsvinnarane Grane i Agder og Jotun i Vestland B.
  • 1969 og -70 i 2. divisjon.
  • Tida 1971-78 spelte Haugar i 3. divisjon. Dei fleste av desse sesongane kjempa klubben om å unngå nedrykk til 4. divisjon. Før 1978-sesongen vart det satsa stort, inn kom fire engelske spelarar, derimellom Dennis Burnett som spelande trenar. Opprykket til 2. divisjon vart vunne med solid margin, fem poeng.
  • I 1979 spelte Haugar seg fram til ny cupfinale. Viking var motstandar, i ein kamp der Haugar tok leiinga etter ei skåring av Dean Mooney. Viking snudde kampen og vann 2-1.
  • 1979 og 1980 spelte Haugar i 2. divisjon. Første sesongen vart laget nummer fem i A-avdelinga. Året etter kom Haugar på andreplassen i B-avdelinga etter Brann, og var klar for kvalifisering mot toaren i A-avdelinga. Etter to kvalifiseringskampar mot Mjøndalen, var Haugar i oktober 1980 klar for sin første sesong i 1. divisjon.
  • 1981-sesongen enda med nedrykk etter uavgjort mot nedrykksklare Lyn i siste serieomgang. Haugar kom på 11. plass med 16 poeng. Laget vann berre to kampar og fekk tolv uavgjort. Begge sigrane kom på utebane, mot Start og Rosenborg. Haugar er elles det einaste laget Rosenborg aldri har vunne mot i toppseriekamp på Lerkendal.
  • 1982-85 i 2. divisjon. 1985-sesongen enda Haugar på 10. plass med 16 poeng, og rykte ned med dårlegare målskilnad enn Jerv.
  • 1986-87. 1987-sesongen vann Haugar tredjedivisjonsavdelinga si med 44 poeng, trepoengsregelen var innført, fem poeng meir enn Stord og Figgjo.
  • 1988. Haugar vart nummer 11 med 14 poeng i 2. divisjon avdeling A, og var langt unna å berge plassen i divisjonen.
  • 1989-90. Haugar vann i 1990 3. divisjon Vestland A med 48 poeng, etter hard kamp mot byrivalen Vard som fekk 46 poeng.
  • 1991-92. I 1991 kom Haugar på 9. plass i avdeling A i 2. divisjon med 25 poeng. Laget berga plassen med betre målskilnad enn Kristiansund Fotballklubb. Utover 1992-sesongen gjekk laget nærast i oppløysing, mellom anna tapte laget med 1-14 mot Hødd, og Haugar enda heilt sist med ni poeng.
  • 1993. Haugar var nummer sju i 3. divisjon, avdeling D.

I 2011 spelte Haugar på 5. nivå i norsk fotball.

Kvinnefotball

endre

I 1973 byrja Haugar med organisert kvinnefotball, og vart Rogalands første kretsmeistrar. Siden den gong har klubben vore ein del av toppen i norsk kvinnefotball, med fleire sesongar i toppdivisjonen. Mellom anna var målvakta Ingrid Sternhoff med i den norske landslagslagstroppen då Noreg vart verdsmeistrar.

Kjelder

endre