Tom Kristiansen (fødd 3. februar 1956) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Oslo som i mars 1980 vart den fyrste nordmannen som vann eit verdscuprenn i skihopping. Han var medlem av Årvoll Idrettslag.

Tom Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1956 (68 år)
Oslo
Idrett skihopping

Karriere endre

Under noregsmeisterskapen i Marikollen i 1975 var Johan Sætre klart best, med Tom Kristiansen på ein rimeleg klar andreplass. Men dei neste sesongane gjorde Årvoll-hopparen lite av seg i hoppbakken.

Kristiansen overraska stort då han 10. mars 1980 i franske Saint Nizier vann eit hopprenn i verdscupen framfor austerrikaren Alois Lipburger, med sin eigen landsmann Tom Levorstad på tredjeplass. Det var den aller fyrste sigeren til ein nordmann i eit renn i verdscupen i skihopping, få månader etter turneringa var sett i gang.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar