Tom Levorstad (fødd 5. juli 1957) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Kråkstad Idrettslag. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging i Oberstdorf i 1981. Same sesongen fekk han sølv under NM i stor bakke, bak Roger Ruud.

Tom Levorstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1957 (67 år)
Noreg
Idrett skihopping

Karriere

endre

Levorstad gjorde det relativt sett best i store hoppbakkar. Ti gongar var han mellom dei ti beste i verdenscuprenn, og heile ni av desse var i storbakkerenn. Beste verdscupplasseringa var ein tredjeplass i St. Nizier i Frankrike i februar 1980. I den første sesongen med verdscup, 1979/80, kom Levorstad på 12. plass totalt. Same sesongen hoppa han 105 m og sette bakkerekord i Holmenkollbakken.

Levorstads største prestasjon var bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i 1981, der han berre hadde finnen Jari Puikkonen og austerrikaren Armin Kogler framom seg på resultatlista.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1980: Tredjeplass i St. Nizier
  • 1981: Bronsemedalje under verdsmeiesterskapen i skiflyging i Oberstdorf
  • 1982: Nr 14 i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre