Tom Reidar Haraldsen
norsk fotballspelar
Tom Reidar Haraldsen (fødd 29. august 1980) er ein norsk fotballspelar som sist spelte for Adeccoligaklubben Bryne FK.
Tom Reidar Haraldsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. august 1980 (44 år) Noreg |
Idrett | fotball |
Han har tidlegare spelt for Moss FK. Han flytta til Danmark for å spele for den danske klubben Viborg etter endt sesong i 2006 med Moss. I Viborg vart han aldri nokon "hit" og spelte totalt sett berre tre kampar for klubben. Februar 2008 signerte han ein toårskontrakt med Sandnes Ulf. Han vart klubben sin toppskårar i 1. divisjon i 2008-sesongen med sju seriemål.
I 2009 vart han klar for Bryne FK. Etter éin sesong der gjekk han til Moss før 2010-sesongen, men la opp i løpet av sesongen.
Han er bror av IK Start-stoppar Knut Henry Haraldsen og er gift med landslagskeeper i handball Katrine Lunde Haraldsen.
Bakgrunnsstoff
endre- Spillerprofilen på Bryne FK, www.brynefk.no Arkivert 2009-06-24 ved Wayback Machine.