Katrine Lunde
Katrine Lunde (fødd 30. mars 1980) er ei norsk handballmålvakt frå Kristiansand. Ho har vunne fleire gull i OL, VM europameisterskap i handball med Noreg. Sidan 2017 vaktar ho målet for IK Våg/Vipers frå heimbyen, eit lag ho spelte på også i tida 1997-2004. Ho har to gongar vunne EHF-meisterligaen for Viborg HK,g ein gong for Győri ETO og to gongar med Våg/Vipers. Lunde har ved utgangen av 2022 delteke i 339 landskampar for Noreg, fleire enn nokon annan spelar. Også tvillingsystera Kristine Lunde var norsk landslagsspelar i handball.
Katrine Lunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mars 1980 (44 år) Kristiansand kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball under Sommar-OL 2008 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner |
Karriere
endreKlubbspel
endreLunde melde overgang frå Kristiansand IF til IK Våg sommaren 1997. Periodane 2004-07 og 2017-10 vakta ho målet for høvesvis Aalborg DH og Viborg HK i Danmark. Frå 2010 til -15 spelte ho på det ungarske topplaget Győri ETO, deretter gjorde ho teneste i Rostov-Don i den russiske toppserien i to sesongar. Sidan 2017 har ho atter vore målvakt i heimlege IK Våg.
Landslagsspel
endreLandslagdebut 26. september 2002 mot Jugoslavia. Ho var med i den norske troppa som tok EM-sølv i desember 2002, men sat sjølv på tribunen i alle kampane. Frå europameisterskapen i 2004 til europameisterskapen 2020 var ho med om å vinne fem EM-gull og eitt EM-sølv. Perioden 2007-21 gav henne to gullmedaljar, like mange sølvmedaljar og ein bronsemedalje. I olympiske leikar tok ho gull i 2008 og 2012, samt bronse i 2016 og 2021. Opp til og med VM-finalen 2021 deltok Lunde i 326 landskampar, skåra 3 landslagsmål.
Merittar landslag
endre- EM 2004: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
- VM 2003: Nr 6
- EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
- VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland
- OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland
- EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania
- VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania
- EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige
- VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike
- OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro
- EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro
- VM 2013: Nr 5 med Noreg
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
- OL i 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike
Merittar klubblag
endre- Vinnar av EHF-meisterligaen: 2009 og 2010 med Viborg, 2012 med Győri ETO, 2021 med Våg/Vipers
- Vinnar av EHF-pokalen: 2017 Rostov
- Dansk seriemeister: 2009 og 2010 med Viborg HK
- Ungarsk seriemeister: 2011, 2012, 2013, 2014,
- Ungarsk cupmeister: 2011, 2012, 2013, 2014, og 2015
- Russisk meister: 2017 Rostov
- Norsk seriemeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg
- Norsk cupmeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg
Kjelder
endre