Tombarthitt-(Y)
Tombarthitt-(Y) er eit sjeldant mineral med brunleg svart farge, originalskildra i 1968 frå ein granittpegmatitt ved Høgetveit i Evje, der det finst saman med keiviit-(Y). Det er vesentleg eit hydroksylhaldig silikat av yttrium. Det finst ofte i metamikt tilstand.
Det er kalla opp etter Thomas F. W. Barth.
Kjelder
endre- Tombarthitt (Y). (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tombarthitt-%28Y%29.