Sigurd Ørjan Pettersen (fødd 28. februar 1980) er ein norsk skihoppar. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2003/04, der han sigra i tre av dei fire renna. Det var den fyrste norske sigeren sidan Espen Bredesen vann i 1993/94. I 2004 var han saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy på det norske laget som vart verdmeistrar i laghopping under skiflygings-VM. Både i 2003 og 2005 var han med å sikre Noreg bronsemedaljar i laghopp under ski-VM. Pettersen tevla for Rollag & Veggli IL.

Sigurd Pettersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1980 (44 år)
Kongsberg kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2006

Karriere endre

Pettersen debuterte i verdscupen i skihopping i japanske Hakuba i januar 2002 med ein 25. plass. Under leiing av den nye hopptrenaren frå 2002, Mika Kojonkoski frå Finland, hoppa Pettersen seg inn i verdseliten i sitt neste verdscuprenn, seint i november 2002. Han kom då på fjerdeplass i finske Kuusamo. Helga etter vart han nummer 2 og 1 i dei to verdscuprenna i Granåsen i Trondheim. I 2004-sesongen vart han samanlagt nummer fire i verdscupen, hans beste totalplassering. Alle dei seks verdscupsigrane kom i sesongane 2003 og 2004.

Han vart noregsmeister i stor bakke både i 2004 og 2005. Ein sølvmedalje i 2003 og ein bronsemedalje i 2006 kompletterer medaljehausten frå noregsmeisterskapane.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

2003: VM-bronse i laghopping i Val di Fiemme. Nr 18 i storbakken 2004: VM-gull i laghopping og nr 9 i skiflygings-VM i Planica 2005: VM-bronse i laghopping i stor bakke i Oberstdorf. Nr 10 individuelt i storbakken 2006: Nr 24 i stor bakke under OL i Torino

Besteplasseringar i internasjonale renn, verdscuprenn endre

  • 2002/03: To sigrar; Trondheim og Sapporo, samt to andre plassar (Trondheim, Titisee-Neustadt)
  • 2003/04: Vinnar av hoppveka. Fire sigrar i verdscupen; Kuusamo, Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen og Oberstdorf, samt ein tredjeplass i Sapporo
  • 2005: Nr 2 på Lillehammer
  • 2006: Nr 5 både i Harrachov og Willingen
  • 2007: Nr 4 både i Willingen og i Planica (skiflyging)
  • 2008: Nr 2 i Val di Fiemme
  • 2009: Nr 17 i Tauplitz (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre