Toni Wine
amerikansk songar
Toni Wine (fødd 4. juni 1947)[1] er ein USA-amerikansk popsongar og låtskrivar, som skreiv songar for artistar som The Mindbenders («A Groovy Kind of Love»), Tony Orlando and Dawn («Candida») og Checkmates, Ltd. («Black Pearl») seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. Wine song òg kvinnelege vokal for musikkgruppa i teikneserien The Archies, som var kjend for den store hitten «Sugar, Sugar»[2]. Ho delte solovokal på den andre Arhcies-singelen, «Jingle Jangle» med Ron Dante.[3] I tillegg var Wine korvokalist på Gene Pitney sin «It Hurts to Be in Love» og på Willie Nelson sin «Always on My Mind».
Toni Wine | |||
Fødd | 4. juni 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Manhattan | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Toni Wine» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Toni Wine». Spectropop.com. 4. juni 1947. Henta 18. januar 2021.
- ↑ «Toni Wine : Songwriter Interviews». Songfacts.com. 8. mai 2007. Arkivert frå originalen 21. juni 2009. Henta 18. januar 2021.
- ↑ «Interview With Ron Dante». Allbutforgottenoldies.net. 9. oktober 2004. Henta 18. januar 2021.