Always on My Mind
«Always on My Mind» er ein USA-amerikansk countrysong av Johnny Christopher, Mark James og Wayne Carson, først spelt inn av Gwen McCrae (som «You Were Always On My Mind») og Brenda Lee i 1972.
Allmusic har oppført over 300 innspelingar av songen.[1] Brenda Lee sin versjon nådde 45. plassen på countrylista i 1972, medan andre artistar nådde topp 20 i USA og andre stader med sine versjonar: Elvis Presley i 1972; John Wesley Ryles i 1979; Willie Nelson sin versjon i 1982 som han vann Grammyprisen for; Pet Shop Boys i 1987 og Loretta Lynn i 2016.
Komposisjon
endreWayne Carson sa han skreiv songen på ti minuttar på kjøkenet i heimen sin i Springfield med hjelp av Christopher og James.
Carson, som hadde songen kring eitt år, var i ferd med å fullføre ei innspeling. Produsenten Chips Moman spurte om å spele inn «that mind» song, men la til at dei trengde eit mellomspel. Carson gjekk til det gamle pianoet i studioet, der han prøvde å skrive eit mellomspel, då Christopher og Carson kom inn og han spurte dei om hjelp.
Trioen meinte songen alt var ferdig og kom først ikkje på noko, men Carson forklarte at Moman insisterte på at dei måtte ha eit mellomspel. Dei kom så opp med det to linjer lange mellomspelet.
Songen vart gjeven til livvaktene til Presley, som gav songen vidare til Presley i studio. Moman produserte ikkje innspelinga til Presley, men spelte inn songen med Willie Nelson fleire år seinare.
Elvis Presley-versjonen
endreAlways on My Mind Singel av Elvis Presley | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1972 | |
Innspelt | 29. mars 1972, RCA Studios, Hollywood, California | |
Sjanger | Country, softrock | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Tekstforfattar | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Låtskrivar(ar) | Wayne Carson, Johnny Christopher, Mark James | |
Produsent | Felton Jarvis[2] |
Elvis Presley spelte inn sin versjon av «Always on My Mind» den 29. mars 1972, eit par veker etter han skilde seg frå kona Priscilla i februar det året.[3] Songen vart særs kjend og vert rekna som ein av dei beste Elvis-songane i 1970-åra. Songen kom ut som B-sida til «Separate Ways», og selde til gullplate i USA for over ein halv million selde eksemplar. Han vart oppført som ei dobbel A-side og nådde 16. plassen på Billboard magazine's Hot Country Singles- lista i november 1972.[4] I Storbritannia var «Always on My Mind» hitlåten og «Separate Ways» var B-sida. Han vart kåra til den beste Presley-songen i ei undersøking utført av ITV i 2013[5]].
Salslister
endreVekeslister 1972 | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[6] | 20 |
US Hot Country Singles (Billboard)[6] | 16 |
US Adult Contemporary (Billboard)[6] | 3 |
Canada RPM Country Tracks | 4 |
Nederlandsk Topp 40 | 17 |
Den franske singellista | 56 |
Den sveitsiske singellista | 39 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 9 |
John Wesley Ryles-versjonen
endreYou Are Always on My Mind Singel av John Wesley Ryles frå albumet Let the Night Begin | ||
B-side |
«My Angel Got Her Wings Today» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 1979 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | MCA | |
Komponist | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Tekstforfattar | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Låtskrivar(ar) | Wayne Carson, Johnny Christopher, Mark James | |
Produsent | Bob Montgomery[8] | |
John Wesley Ryles-kronologi | ||
«Liberated Woman» (1979) |
You Are Always on My Mind | «Perfect Strangers» (1980)
|
I 1979 nådde John Wesley Ryles 20. plassen på den amerikanske countrylista med si utgåve, kalla «You Are Always on My Mind», frå albumet Let the Night Begin.[9]
Salslister
endreVekesliste 1979 | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 20[9] |
Canada RPM Country Tracks | 24[10] |
Willie Nelson-versjonen
endreAlways on My Mind Singel av Willie Nelson frå albumet Always on My Mind | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. mars 1982 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Tekstforfattar | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Låtskrivar(ar) | Wayne Carson, Johnny Christopher, Mark James | |
Produsent | Chips Moman | |
Willie Nelson-kronologi | ||
«Heartaches of a Fool» (1981) |
Always on My Mind | «Let It Be Me» (1982)
|
Songen vart spelt inn av Willie Nelson og gjeven ut tidleg i 1982. Songen nådde raskt toppen av Billboard's Hot Country Singles-lista i mai og låg på toppen i to veker og totalt 21 veker på lista. Songen gjorde det òg bra på pop-lista og nådde femteplassen på Billboard Hot 100. På årslista var songen den størte countryhitten i 1982 i USA. Versjonen gjorde det òg bra i mange andre land.
Nelson sin versjon gav han tre Grammyprisar i februar 1983, for årets song, årets beste countrysong og beste mannlege countryvokal.
Versjonen vann òg Country Music Association-prisar to år på rad som årets song både i 1982 og 1983, årets singel i 1982 for Nelson. I tillegg vann Nelson prisen for årets album i 1982.
Willie Nelson framførte songen med Johnny Cash i 1998 på VH1 Storytellers: Johnny Cash & Willie Nelson.
Singelen selde til platina i USA for over to millionar selde eksemplar. I 2008 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.
Salslister
endreVekeslister 1982 | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report[11] | 39 |
Belgisk Topp 40 (Flandern)[12] | 31 |
Canada RPM Country Tracks | 1 |
Canada RPM Adult Contemporary Tracks | 4 |
Canada RPM Top Singles | 10 |
Den nederlandske singellista | 17 |
Irish Singles Chart | 8 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 2 |
U.S. Billboard Hot 100[13] | 5 |
Den britiske singellista | 49 |
Årslister 1982 | Plassering |
---|---|
Canada RPM Top Singles | 70 |
U.S. Billboard Hot 100[14] | 22 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[14] | 8 |
U.S. Billboard Hot Country Singles[14] | 1 |
U.S. Cashbox Top 100[15] | 31 |
Pet Shop Boys-versjonen
endreAlways on My Mind Singel av Pet Shop Boys frå albumet Introspective | ||
B-side |
«Do I Have to» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1987 | |
Sjanger | Synthpop, Euro disco | |
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Parlophone – 6171 | |
Komponist | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Tekstforfattar | Johnny Christopher, Mark James, Wayne Carson | |
Låtskrivar(ar) | Mark James, Johnny Christopher, Wayne Carson Thompson | |
Produsent | Julian Mendelsohn, Pet Shop Boys | |
Pet Shop Boys-kronologi | ||
«Rent» (1987) |
Always on My Mind | «Heart» (1988)
|
I 1987 framførte Pet Shop Boys ein synthpopversjon av «Always on My Mind» på Love Me Tender, eit fjernsynsprogram på ITV i Storbritannia. Dette var til minne om at det var ti år sidan Presley døydde. Pet Shop Boys-utgåva vart så godt motteken at duoen valde å spele inn songen og gje han ut på singel.
Denne versjonen vart songen som toppa salslista i juleveka det året. Han låg fire veker på toppen og i USA nådde han fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[16][17]
Pet Shop Boys-versjonen nyttar ein harmonisk variasjon som ikkje finst i originalen.
I november 2004 sette The Daily Telegraph versjonen på andreplassen på ei liste over dei femti beste coverversjonane gjennom tidene.[18] I oktober 2014 hadde BBC ei undersøking der songen vart kåra til den beste coverversjonen gjennom tidene.[19]
I musikkvideoen (eit utdrag frå den surrealistiske musikkfilmen deira It Couldn't Happen Here), sit Neil Tennant og Chris Lowe i framsetet på ein taxi, når ein rar passasjer kjem inn, spelt av den britiske skodespelaren Joss Ackland. På slutten av songen går han ut av bilen, som køyrer avstad. Ståande aleine seier han: «You went away. It should make me feel better. But I don't know how I'm going to get through», som er ein del av teksten til ein annan Pet Shop Boys-song, «What Have I Done to Deserve This», som kom ut tidlegare på året.
I 1988 vart ein remiksa versjon av songen gjeven ut på det tredje albumet deira, Introspective, der han vart kombinert med ein acid-house-song kalla «In My House».
Salslister
endreLister (1987/1988) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart[20] | 10 |
Austerrike[21] | 2 |
Den belgiske singellista (Vl)[22] | 2 |
Canada Singles Chart[23] | 1 |
Den nederlandske singellista[24] | 5 |
Europalista | 1 |
Finland (Suomen virallinen-lista)[25] | 1 |
Den franske singellista[26] | 22 |
Den tyske singellista[27] | 1 |
Irish Singles Chart[28] | 2 |
Den italienske singellista[29] | 9 |
Den newzealandske singellista[30] | 8 |
VG-lista i Noreg[31] | 3 |
Den polske singellista[32] | 1 |
Den sørafrikanske singellista[33] | 3 |
Spania (AFYVE)[34] | 1 |
Den svenske singellista[35] | 1 |
Den sveitsiske singellista[36] | 1 |
UK Singles Chart[16] | 1 |
U.S. Billboard Hot 100[17] | 4 |
U.S. Billboard Dance/Club Play Songs Chart[17] | 8 |
U.S. Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales Chart[17] | 12 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Always on My Mind» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2017.
- ↑ ««Always on My Mind» – search results». Allmusic. Henta 21. juni 2017.
- ↑ http://books.google.com/books;id=enukAzW27pIC&pg=PA233&lpg=PA233&dq=%22elvis%22+%22always+on+my+mind%22+%22felton%22&source=bl&ots=mJSuiPe-ma&sig=I5z1wA42OY1cZBm_EGzzITw6BoE&hl=en&sa=X&ei=nhrMU_-LIsq2yATOuIGwCA&ved=0CDAQ6AEwAg#v=onepage&q=%22elvis%22%20%22always%20on%20my%20mind%22%20%22felton%22&f=false[daud lenkje]
- ↑ Guralnick, Peter / Jorgensen, Ernst (1999) s. 310. Elvis: Day by Day. ISBN 0-345-42089-6
- ↑ «Top 20 Country Billboard Singles». The Official Elvis Presley Website. Arkivert frå originalen den 19 desember 2007. Henta 21. juni 2017.
- ↑ http://tellychat.co.uk/nations-favorite-elvis-song-winner-results-top-20-voted-won-0145/
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Always on My Mind på Allmusic. Henta 07/14/2014.
- ↑ "Chart Stats – Elvis Presley – Always On My Mind" UK Singles Chart. Chart Stats.
- ↑ http://books.google.com/books;id=TCQEAAAAMBAJ&pg=PT85&lpg=PT85&dq=%22john+wesley+ryles%22+%22always+on+my+mind%22+%22produsent%22&source=bl&ots=PIdBSNuf7X&sig=ND6uW9FlJhBpZJhJdgU1pQJxQL4&hl=en&sa=X&ei=uRrMU4iMHsqgyATCwYJA&ved=0CCkQ6AEwAQ#v=onepage&q=%22john%20wesley%20ryles%22%20%22always%20on%20my%20mind%22%20%22produsent%22&f=false[daud lenkje]
- ↑ 9,0 9,1 Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 367. ISBN 0-89820-177-2.
- ↑ «RPM Country Tracks for 29. desember 1979». RPM. Henta 4. februar 2012.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Ultratop Belgian Charts». ultratop.be. 21. juli 1984. Henta 21. juni 2017.
- ↑ «Willie Nelson – Chart history». Billboard. Henta 21. juni 2017.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 «Willie Nelson – Always on My Mind». billboard.com. Henta 10. april 2012.
- ↑ «Cash Box YE Pop Singles – 1982». Cashboxcountdowns.com. 25. desember 1982. Arkivert frå originalen 7. april 2016. Henta 23. juni 2012.
- ↑ 16,0 16,1 «ChartArchive – Pet Shop Boys – Always on My Mind». Chartstats.com. 28. februar 2009. Henta 23. juni 2012.
- ↑ 17,0 17,1 17,2 17,3 Pet Shop Boys (21. desember 2009). «Pet Shop Boys – Awards». AllMusic. Henta 23. juni 2012.
- ↑ «They did it their way». The Daily Telegraph (London). November 20, 2004. Henta 2. juni 2012.
- ↑ «Pet Shop Boys' Always On My Mind tops cover version vote». BBC News. 22. juni 2017. Henta 22. juni 2017.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW, Australia: Australian Chart Book. s. 232. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». austriancharts.at. Henta 23. juni 2012.
- ↑ «PET SHOP BOYS - ALWAYS ON MY MIND (SONG)». Henta 29 June 2016.
- ↑ «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». dutchcharts.nl. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 978-951-1-21053-5.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». lescharts.com. Henta 23. juni 2012.
- ↑ «charts.de». charts.de. 14. november 2006. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Jaclyn Ward – Fireball Media Group. «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 23. juni 2012.
- ↑ «Hit Parade Italia – Indice per Interprete: P». Hitparadeitalia.it. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». charts.org.nz. Henta 23. juni 2012.[daud lenkje]
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». norwegiancharts.com. Henta 23. juni 2012.
- ↑ [1]
- ↑ Brian Currin (25. mai 2003). «South African Rock Lists Website – SA Charts 1969 – 1989 Acts (P)». Rock.co.za. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». swedishcharts.com. Henta 23. juni 2012.
- ↑ Steffen Hung. «Pet Shop Boys – Always on My Mind». hitparade.ch. Henta 23. juni 2012.