Opna hovudmenyen

The Mindbenders (opphavleg gruppa til Wayne Fontana) var ei beatgruppe i 1960-åra frå Manchester i England. Bandet var ein del av den britiske bølgja midt på 60-talet på dei amerikanske singellistene med hittane «Game of Love» (med Wayne Fontana) i 1965 og «A Groovy Kind of Love» i 1966.

The Mindbenders
Wayne Fontana & The Mindbenders.png
Wayne Fontana & The Mindbenders i 1965. V-H: Bob Lang, Ric Rothwell, Eric Stewart og Wayne Fontana
OpphavManchester, England
Aktiv1963–1968
SjangerBeat, pop
Tilknytte artistarWayne Fontana, 10cc
PlateselskapFontana Records
Tidlegare medlemmerWayne Fontana
Bob Lang
Ric Rothwell
Eric Stewart
Graham Foote
Paul Hancox
Graham Gouldman

KarriereEndra

Wayne Fontana skipa bandet i 1963 med Bob Lang, Ric Rothwell og Eric Stewart.[1] Seinare kom Grahame Foote inn i gruppa.[2] Namne på gruppa var inspirert av namnet på ein film frå 1963, med den britiske skodespelaren Dirk Bogarde, kalla The Mind Benders. Wayne Fontana & the Mindbenders gav ut fleire singlar før dei kom med «Um Um Um Um Um Um» i 1964, som vart den første store hitten deira i Storbritannia og førte til ein turné med Brenda Lee. Dei fekk òg ein hit i USA med «Game of Love» i 1965, som gjekk heilt til topps på lista der og nådde andreplassen på UK Singles Chart.

Etter ein turné i Amerika og fleire singlar som selde dårlegare enn «Game of Love», slutta Fontana i bandet midt under ein konsert i 1965. Stewart vart då frontmann i bandet og dei kalla seg berre The Mindbenders.

Den første singelen til The Mindbender utan Fontana var hitten «A Groovy Kind of Love» (ein song av Carole Bayer Sager og Toni Wine).[1] Songen nådde andreplassen i USA[1] (toppen av Cashbox-lista) og andre plassen i Storbritannia i 1966. Singelen selde over ein million eksemplar verda over.[3]

Ein annan song av Bayer og Wine, «Ashes to Ashes», nådde 14. plassen på UK Singles Chart hausten 1966.[1]

Stewart vart etter kvart låtskrivar og skreiv «My New Day and Age» for Family. Men The Mindbenders fortsette å søke etter songar utafor bandet.[1] Det neste prosjektet deira var eit konseptalbum, fleire månader før Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, S.F. Sorrow og Tommy kom ut.[1] Albumet With Woman in Mind, inneheldt «I Want Her, She Wants Me» (skriven av Rod Argent frå The Zombies), «Ashes to Ashes» og «Schoolgirl». Albumet selde derimot dårlegl og vart ikkje ein gong gjeven ut i USA.

The Mindbenders gav ut ein versjon av «The Letter» som nådde 42. plassen i Storbritannia, som den siste singelen deira på den britiske singellista. Eit par singlar til kom ut i 1968, men selde heller dårleg. Lang slutta og vart erstatta av Graham Gouldman, og med han i bandet spelte dei inn den siste singelen sin «Uncle Joe, the Ice Cream Man».[1]

20. november 1968 vart bandet lagt ned etter den siste konserten på ein britisk turné i lag med The Who, Arthur Brown og Joe Cocker.[1] Stewart og Gouldman danna så Hotlegs og sidan bandet 10cc.[1]

MedverkandeEndra

  • Wayne Fontana – vokal (1963-1965)
  • Bob Lang – bass (1963-1968)
  • Ric Rothwell – trommer (1963-1967)
  • Eric Stewart – gitar, vokal (1963-1968)
  • Graham Foote – gitar (1963-1968)
  • Paul Hancox – trommer (1967-1968)
  • Graham Gouldman – bass (1968)

DiskografiEndra

For utgjevingar med Wayne Fontana, sjå Wayne Fontana.

SinglarEndra

År Singel Katalognummer Listeplassering Britiske album Amerikanske album
UK AU US
1963 «Hello Josephine»
med «Road Runner»
UK Fontana TF404 46 Ikkje albumspor Ikkje albumspor
«For You, For You»
med «Love Potion No. 9»
UK Fontana TF418
1964 «Little Darlin'»
med «Come Dance With Me»
UK Fontana TF436
«Stop Look and Listen»
UK B: «Duke of Earl»
US B: «Road Runner»
UK Fontana TF451
US Fontana 1917
37
«Um, Um, Um, Um, Um, Um»
med «First Taste of Love»
UK Fontana TF497 5
1965 «Game of Love»
med «Since You've Been Gone»
UK Fontana TF535
US Fontana 1503
2 38 1 A: The Game of Love
B: Ikkje albumspor
«Game of Love»
med «One More Time»
Second US pressing
US Fontana 1509 A: Ikkje albumspor
B: Wayne Fontana and The Mindbenders
The Game of Love
«It's Just a Little Bit Too Late»
med «Long Time Comin'»
UK Fontana TF579
US Fontana 1514
20 55 45 Eric, Rick, Wayne and Bob Ikkje albumspor
«She Needs Love»
med «Like I Did»
UK Fontana TF611
US Fontana 1524
32 A: Ikkje albumspor
B: Eric, Rick, Wayne and Bob
1965 «A Groovy Kind of Love»[4]
med «Love Is Good»
UK Fontana TF 644
US Fontana 1541
2 2 The Mindbenders A Groovy Kind Of Love
1966 «Can't Live With You (Can't Live Without You)»
med «One Fine Day»
UK Fontana TF 697 28 A: Ikkje albumspor
B: The Mindbenders
«Ashes To Ashes»
med «You Don't Know About Love»
UK Fontana TF 731
US Fontana 1555
14 44
1967 «I Want Her, She Wants Me»
med «The Morning After»
UK Fontana TF 780
US Fontana 1571
With Woman In Mind Ikkje albumspor
«We'll Talk About It Tomorrow»
med «Far Across Town»
UK Fontana TF 806 Ikkje albumspor
«Off and Running»
med «It's Getting Harder All The Time»
US Fontana 1595 «To Sir, With Love» Soundtrack
«The Letter»
med «My New Day and Age»
UK Fontana TF 869 42 Ikkje albumspor
«Schoolgirl»
med «Coming Back»
UK Fontana TF 877 A: With Woman In Mind
B: Ikkje albumspor
1968 «Blessed Are The Lonely»
med «Yellow Brick Road»
UK Fontana TF 910
US Fontana 1620
Ikkje albumspor
«Uncle Joe, The Ice Cream Man»
med «The Man Who Loved Trees»
UK Fontana TF 961
US Fontana 1628
1969 «A Groovy Kind of Love»
med «Ashes To Ashes»[5]
UK Fontana TF 1026 A: The Mindbenders
B: Ikkje albumspor
A Groovy Kind Of Love

AlbumEndra

  • Wayne Fontana and the Mindbenders – 1964 (UK Fontana TL5230)
  • The Game of Love – 1965 (US Fontana MGF 27542 (Mono)/SRF 67542 (Stereo))
  • Eric, Rick, Wayne and Bob – It's Wayne Fontana and the Mindbenders – 1965 (UK Fontana TL5257)
  • The Mindbenders (UK Fontana STL 5324) – June 1966
  • A Groovy Kind of Love (US Fontana MGF 27554 (Mono) / SRF 67554 (Stereo) -- US nr. 92, Juli 1966
  • With Woman in Mind (UK Fontana STL 5403) – April 1967
  • The Best of Wayne Fontana & The Mindbenders (US Fontana 314 522 666-2 ) – 1994

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Dave Thompson (20. november 1968). «The Mindbenders | Biography». AllMusic. Henta 3. april 2018. 
  2. «JPost | French-language news from Israel, the Middle East & the Jewish World». Fr.jpost.com. Henta 3. april 2018. 
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 208. ISBN 0-214-20512-6. 
  4. «The Mindbenders | Awards». AllMusic. Henta 3. april 2018. 
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 368. ISBN 1-904994-10-5.