Tor Erik Jenstad

Tor Erik Jenstad (fødd 5. oktober 1956 i Sunndal på Nordmøre) er ein norsk språkforskar, ordbokredaktør og folkemusikar, busett i Trondheim. Han har utdanninga si frå Universitetet i Trondheim, der han i 1982 vart cand.philol. med ei hovudoppgåve om Sunndals-dialekten.[1] I 1995 vart han dr.art., med avhandlinga Ein repetis i obligadur. Norsk folkemusikkterminologi, med vekt på feletradisjonen.[2] I 2001 gav han ut ei bok med same tittel, som byggjer på dr.art.-avhandlinga.[3]

Tor Erik Jenstad
Tor Erik Jenstad 2012.jpg
Fødd 5. oktober 1956 (64 år)
Sunndal
Yrke lingvist

Sidan 2003 har han vore ein av redaktørane for Norsk Ordbok 2014.[4]

Jenstad legg vekt på formidling, og publikasjonane hans spenner frå akademiske til populærvitskaplege bøker og artiklar. Han held også ofte foredrag[5][6] og deltar i radioprogram. Han bidrar blant anna jamleg i NRK-programmet Språkteigen.[7] Han har også dialektbloggen «Moro med ord og uttrykk!» saman med Unni Ulltveit (foto/redigering).[8] Frå 1992 har han hatt radioprogrammet «Dialektmagasinet» på NRK Trøndelag. Det blir framleis sendt kvar veke – og kan no også høyrast som podkast.[9]

I 1993 fekk han Nordmøre Mållags målpris, og i 1998 fekk han ein pris frå Kungl. Gustav Adolfs Akademien för svensk folkkultur (Torsten Janckes minnefond) for sitt arbeid med norsk dialektologi.[10]

Jenstad er også ein aktiv folkemusikar. Han var styremedlem i Landslaget for Spelemenn i perioden 1997–1999, og leiar for Trøndelag Folkemusikklag 2013–14. Saman med folkemusikkgruppa «Hørkelgaddan», der han spelte trekkspel og toradar, fekk han Spellemannprisen 1981 i klassen folkemusikk/gammaldans. Han speler i fleire spelemannslag og folkemusikkgrupper, med Oppdal Spell- og dansarlag som hovudlag. Duoen «Trebitmerra og feppeldaill'n» (med Unni Ulltveit) er Noregs første «togspellemenn».[11][12]

Jenstad er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

I 2019 fekk han Trønderlaget sin målpris, for sitt mangeårige arbeid for dialekt og nynorsk.[13]


VerklisteEndra

  • 1983 – Eit nytt sentrumsmål veks fram. Drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra Nb – bokutgåve av ein del av hovudoppgåva frå 1982
  • 1985 – Sunndalsmålet. Eit grensemål på indre Nordmøre Nb – bokutgåve av ein del av hovudoppgåva frå 1982
  • 1991 – Skjellsordboka. Vol. 1 for Trøndelag og Nordmøre Nb
  • 1992 – Den store norske skjellsordboka Nb
  • 1997 – Trønderordboka, med Arnold Dalen Nb, 2. utg. 2002
  • 1999 – Nye skjellsordboka Nb
  • 2001 – Ein repetis i obligadur. Folkemusikkterminologi i norske dialektar, med vekt på feletradisjonen – bokutgåve av doktoravhandlinga frå 1995
  • 2003 – Norge rund med ord
  • 2005 – Nordmørshistorier, med Petter Erik Innvik
  • 2007 – Sunndalsord
  • 2007 – Ka sa du? Trøndersk toillsnakk å gamle uttrøkk
  • 2008 – Vaddesålekt din jehuk
  • 2010 – Snedig å koinn trøndersk. Saftige trønderske gloser
  • 2011 – Leksikalsk forsking i norske målføre og nynorsk skriftspråk (red.), med Lars S. Vikør
  • 2012 – Din hånstaur! Saftige trønderske skjellsord
  • 2013 – «Frå ryphøa til shit creek. Ordspel på stadnamn». Namn og Nemne 30, 93–98 [1]
  • 2014 – Rappkjæfta trønder
  • 2015 – Såson e trøndern
  • 2017 – Snedig å koinn trønderslæng
  • 2017 – Fosenmåla, med Kristin Melum Eide, Arnold Dalen og Ola Stemshaug
  • 2018 – Fysekjerringer og glupstuter. Norges morsomste dialektuttrykk

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

Referansar og fotnotarEndra