Tor Ingebrigtsen (fødd 16. november 1963 i Tromsø) er ein norsk leiar, lege og professor II i nevrokirurgi.[1] Han var administrerande direktør ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) i Tromsø frå 2007 til 2018.

Tor Ingebrigtsen
Fødd 16. november 1963 (56 år)
Tromsø
Yrke lege, professor, forskar

Ingebrigtsen er utdanna lege ved Universitetet i Tromsø og vart dr.med. i 1998 på eit emne om handtering av lettare hovudskadar.[2] Han har vore avdelingsoverlege og avdelingsleiar ved nevrokirurgisk avdeling ved det same sjukehuset.[3] Han har tidlegare òg arbeidd ved Rikshospitalet, Narvik sjukehus og i Narvik kommune.

ReferansarEndra

  1. Ingebrigtsen, Tor – Klinisk medisin
  2. Direktør frå Tromsø
  3. Ledelsen ved Universitetssykehuset Nord-Norge HF

BakgrunnsstoffEndra