Tor Ulven
Tor Ulven (14. november 1953–18. mai 1995) var ein norsk diktar og forfattar fødd på Årvoll i Oslo. Han blir sett på som ein av dei viktigaste påverkarane i norsk litteratur på 1980- og 1990-talet.
Tor Ulven | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. november 1953 Oslo |
Død |
18. mai 1995 (41 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, omsetjar |
Ulven debuterte som diktar 19 år gammal, i undergrunnstidsskriftet Dikt & Datt. Mellom 1977 og 1989 gav han ut fem diktsamlingar. Han gjekk deretter over til å skriva prosa, korte stykke og essay, der han gjennom detaljerte skildringar mellom anna tok for seg eksistensielle spørsmål. Som forfattar var han mellom anna inspirert av den franske nyromanen og surrealismen.
Som person var Ulven svært tilbaketrekt. Han gav eit einaste intervju, til tidsskriftet Vagant i 1993, og sende takketalen sin for Obstfelderprisen med ein annan.
Diktaren tok livet sitt i 1995. Tekstane hans er blitt omsette til dansk, svensk, tysk, engelsk, estisk, russisk, tsjuvasjisk og arabisk.
Bibliografi
endre- Prosa i samling – 2001
- Samlede dikt – 2000
- Essays – 1997
- Etterlatte dikt (lyrikk) – 1996
- Stein og speil (kortprosa) – 1995
- Vente og ikke se (historier) – 1994
- Avløsning (roman) – 1993
- Fortæring (prosastykker) – 1991
- Søppelsolen (memorabilia) – 1989
- Nei, ikke det (historier) – 1990
- Gravgaver (lyrikk) – 1988
- Det tålmodige (lyrikk) – 1987
- Forsvinningspunkt (lyrikk) – 1981
- Etter oss, tegn (lyrikk) – 1980
- Skyggen av urfuglen (lyrikk) – 1977
Utmerkingar
endre- 1987: Gyldendals legat
- 1990: Hartvig Kirans minnepris
- 1993: Obstfelderprisen
- 1995: Doblougprisen
Bakgrunnsstoff
endre- «Ulvens blues» av Sissel Fantoft
- Nekrolog av Tore Renberg på nrk.no
- «Du er ikke - om Tor Ulvens kortprosa» av Marius Wulfsberg i Bøygen
- Artikkel om TU på Gyldendal[daud lenkje]