Toralf Tollefsen (26. august 191427. november 1994) var ein norsk trekkspel-virtuos født i Fredrikstad.

Toralf Tollefsen
Fødd26. august 1914
Død27. november 1994
OpphavNoreg
Verka sommusikar, komponist
PrisarJuryens hederspris i Spellemannprisen

Tollefsen tok til å spela trekkspel som sjuåring. Han fekk etter kvart Ottar E. Akre som lærar. Han spelte både folkemusikk og klassisk. I 1933 blei han engasjert av BBC og arbeidde for den engelske kringkastinga i fem år. Han heldt til i Noreg under andre verdskrigen, men drog tilbake til England etterpå og blei konsertmusikar. Han opptredde mellom anna som solist med den einaste trekkspelkonserten skriven til då, av Pietro Deiro. Tollefsen turnerte seinare i Europa, Amerika og Australia.

I 1977 vann Tollefsen juryen sin heidringspris under utdelinga av Spellemannprisen.

LitteraturEndra

KjelderEndra