Tordis

kvinnenamn

Tordis og Thordis er norrøne kvinnenamn sett saman av det gudenamnet Tor (Þórr) og -dis (dís), ei gudinnenemning i åsatru.

Tordis har norsk namnedag den 9. november.

BrukEndra

Namnet var utbreidd i norrøn tid, men var mindre utbreidd seinare. Ved slutten av 1800-talet blei det teke meir i bruk att. Det blei særleg mykje brukt på 1920- og 1930-talet, då rundt 0,5 % av jenter fekk namnet. I 2008 var det 2 726 kvinner som hadde Tordis og 369 som hadde Thordis som første førenamnet i Noreg.

Kjende namneberarEndra

Annan brukEndra

KjelderEndra

  • «Tordis» i Caplex og Store Norske Leksikon