Opna hovudmenyen

}

Tore Andersen
Tore Andersen Release Concert 9 March 2009.jpg
Fødd 22. mars 1960
Oslo
Død

26. desember 2015
Oslo

Yrke musikar, gitarist
Tore Andersen på Commons

Tore Sønnik Branæs Andersen (22. mars 196026. desember 2015) var ein norsk country-musikar frå Stjørdal. Andersen både sang og spelte gitar, mandolin og keyboard.

KarriereEndra

Andersen budde dei fyrste barneåra sine i Sørkedalen utanfor Oslo, flytte så til Halden før han vart buande i Stjørdal. Han var med i fleire amatørband i ungdomsåra, og i 1979 vann han konkurransen Trøndersk Talent. I 1982 vart han med i bandet Vikings som vokalist og gitarist. Han heldt fram i Vikings til 1992.

I 1993 debuterte Andersen som soloartist med plata The Hero in Me. Fem år seinare, i 1998, kom oppfylgjaren, Tore Andersen. Etter dette varte det 11 år før Andersen gav ut ei ny plate. Den fekk namnet Right Around the Corner og vann Spellemannprisen 2009 i klassa country.

KjelderEndra