Tore Nilsen

norsk fotballspelar

Tore Nilsen (28. oktober 193313. mai 2018)[1] var ein norsk fotballspelar som vart seriemeister med Fredrikstad Fotballklubb både i 1954 og 1957. Han spelte i 5 landskampar i tida 1956-58.

Tore Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1933
Fredrikstad
Død

13. mai 2018 (84 år)
Fredrikstad

Yrke fotballspelar

Nilsen var indre venstre på Fredrikstad FK sitt storlag fleire sesongar på 1950-talet. Hausten 1954 var han med då FFK tapte cupfinalen 1954 mot Skeid. Der etter vart det nye tap i hovudseriefinalen både i juni 1955 og juni 1956, begge gongane mot Larvik Turn. Også hausten 1957 måtte Nilsen og FFK tole cupfinaletap, men vel fire månader i førevegen vann Fredrikstad hovudseriefinalen 1957 mot Odd med heile 6-1.

Nilsen deltok i fire landskampar forsommaren 1956 og ein siste den 15. juni 1958. Han var med å vinne to landskampar, spele uavgjort i ein og måtte bokføre to tap, utan nokon gong å kome på skåringslista.

Kjelder endre