Tore Pedersen

norsk fotballspelar
For fotballspelaren i RBK i 1960-åra, sjå Tore Pedersen (1941-1998).

Tore André Pedersen (fødd 29. september 1969 i Fredrikstad) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Pedersen har spela på høgt nivå for ni forskjellige klubbar i fem land. Han var også fast på landslaget på første halvdel av 1990-talet, og spela i alt 45 A-landskampar. Klubbane han har spela for, er: Selbak, Fredrikstad (to periodar), IFK Göteborg, Brann, Oldham (utlån), Sanfrecce Hiroshima, FC St. Pauli, Blackburn, Eintracht Frankfurt, Wimbledon og Trosvik.

Tore Pedersen
Fødd 29. september 1969
Fredrikstad
Yrke fotballspelar, idrettsagent

KarriereEndra

Pedersen spela 10 kampar på utlån til Oldham i 1993/94. Han gjekk frå SK Brann til FC St. Pauli i 1995. Kontrakten med St. Pauli gjekk ut 30. juni 1997 (p.g.a. nedrykk til 2. bundesliga). Dermed var Pedersen fri til å gå kvar han ville, sjølv om klubben ville behalda han. Han var på prøvespel i Bolton Wanderers, Blackburn og West Ham United, men valde Blackburn Rovers for £750,000. Han skulle overta etter Henning Berg då han blei seld til Manchester United.

Pedersen var mykje plaga av skadar i karrieren sin. Han spela på alle Noregs VM-kvalifiseringskampar til USA-VM i 1994, men pådrog seg ein krossbandskade kort tid før sluttspelet og måtte difor bli heime. Også medan han var i Wimbledon i 1999 pådrog han seg ein alvorleg kneskade, og tilbrakte halvtanna år på sidelinja.

Det var venta at han kom til å leggja opp på grunn av denne kneskaden, men han kom tilbake på fotballbanen i 2001 – først for 4. divisjonsklubben Trosvik, og returnerte sesongen etter til Fredrikstad, som han hjelpte til to strake opprykk og ein etterlengta retur til Tippeligaen. Etter dette spela Pedersen ein sesong i sin eigen ungdomsklubb, Selbak, og deretter for Oslo Diamantene.

KniksenprisenEndra

KjelderEndra