Tore Wessel-Berg (6. januar 192322. oktober 2011) var ein norsk sivilingeniør og professor i elektronikk som var med på å forska fram elektronrøyret klystron.[1]

Tore Wessel-Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1923
Modum kommune
Død

22. oktober 2011 (88 år)
Trondheim

Yrke professor

Wessel-Berg var fødd i Modum. Han tok eksamen frå Noregs tekniske høgskule ved elektroavdelinga i 1950 og vart dr.techn. i 1960. Han var amanuensis ved Stanford University i USA, 1954–57 og 1961–63. I 1957 og fram til 1961 var han forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt i Bergen. Han vart så i 1963 professor i anvend elektronikk ved Noregs tekniske høgskule, noko han var fram til 1991. Han hadde ein omfattande vitskapleg produksjon på fagområdet sitt.

Kjelder endre

  1. Kjell Bløtekjær, Tore Wessel-Berg, nekrolog i Aftenposten den 16. november 2011.

«Tore Wessel-Berg», Store norske leksikon 

Bakgrunnsstoff endre