Opna hovudmenyen
Torget
Geografi
Norway - Torget.png
Stad Torgfjorden
Koordinatar 65°25′17″N 12°05′19″EKoordinatar: 65°25′17″N 12°05′19″E

Areal 16,4 km²

Høgaste punkt Torghatten (258 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 778 (2001)
Folketettleik 47 /km²

Torget er ei øy sørvest i Brønnøy kommune i Nordland. Ho har eit areal på 16,4 km² og 778 innbyggjarar (2001). På øya ligg den kjente fjellformasjonen Torghatten. Øya, som eigentleg er samansett av to øyar, Innertorget og Yttertoget, er knytt til fastlandet med Brønnøysundbrua.

Aust for Torget ligg Torgfjorden og i nord ligg øya Sauren.

NamnetEndra

Namnet vert uttala tå'rge[1] eller tå'rglanne. Dativforma tår'rin er òg bruka. Frå sagalitteraturen er namnet Torgar kjend, dette er ei fleirtalsform, sidan Yttertorget og Innertorget eigentleg er to øyar. Namnet kjem truleg frå eit sterkt hokjønnsord *Torg, som i brønnøydialekt vil få tillagt -e i bunden form, jf. Torgjo i Bømlo. Ordet «*torg» kan tyde kløft, kløyve[2]. Statens kartverk vedtok likevel i 1998 å bruke den innarbeidde namneforma Torget.

ReferansarEndra