Opna hovudmenyen

Torill Fjeldstad (fødd 22. februar 1958) er ein norsk tidlegare alpinist frå Bærum, som i byrjinga av 1980-åra var ein av dei beste kvinnelege utforrennarane i verda. Frå 1975 til -84 vann ho 14 norske meisterskapstitlar, fordelt på tre i både slalåm og storslalåm, samt åtte i utfor. Fem gongar stod ho på sigerspallen etter renn i verdscupen i alpine greiner, men aldri på toppen. Fjerdeplassen i utfor under VM 1982 var hennar beste i internasjonale meisterskap. Fjeldstad var medlem av Haslum Idrettslag.

Torill Fjeldstad
Fødd 22. februar 1958
Bærum
Yrke alpinist

AktivEndra

Fjeldstad overraska stort då ho 4. januar 1975 i Garmisch-Partenkirchen kom på tredjeplassen i ei slalåmtevling i verdscupen i alpine greiner. Både i 1975 og -76 vart ho junior-europameister i utfor.

Ho deltok i VM i alpine greiner 1978, der ho som best vart nummer 14 i storslalåm. Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid kom ho på sjuandeplassen i utforrennet. I VM 1982 kom Fjeldstad på fjerdeplass, 0,21 sekundar bak bronsevinnaren Laurie Graham frå Canada.

Frå 1980 konsentrerte Fjeldstad seg i fyrste rekke om utfor-øvinga. Ho lukkast då å kome på pallen i fire verdscuprenn; i desember 1980 vart ho nummer to i Piancavallo og enda på tredjeplassen i Altenmarkt-Zauchensee, medan ho i januar 1981 vart nummer tre i Megève. Hennar siste pallplass oppnådde ho vinteren 1982, då ho kom på tredjeplass i utforrennet i Aspen.

Fjeldstad vann alle tre NM-øvingane i alpine greiner i 1975. På Bjorli sikra ho seg gullmedaljane i både slalåm og storslalåm, utforgullet tok ho på Oppdal. Fem år seinare skule ho gjenta prestasjonen, då vart alle tre NM-øvingane avvikla på Oppdal. I mellomtida hadde ho vunne NM-slalåmen i 1976, og utfor i både 1976 og 1977. Fjeldstad vart så suveren vinnar av storslalåm under NM 1979. Dei fire siste NM-gullmedaljane tok ho i utfor i perioden 1981-84. I 1985 vart ho nummer tre i storslalåm under NM i Klæbu, einast 0,08 sekundar bak vinnaren Tordis Jonsdottir. Det vart Fjeldstads 21. og siste NM-medalje (14-4-3).

Ho la opp i 1985.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar